,

ALFRED BUENA SPERREVIK – forteljingar frå krigen

SAMMENDRAG Ei forteljing om far min, Alfred Buena Sperrevik. Frå oppveksten på ein liten gard i Lysefjorden, til livet på sjøen både før og under krigen. Noko er skrive av han sjølv, noko er gjengjeve frå avisartiklar og bøker, og noko er mine eigne ord. Nils Torbjørn Sperrevik

SAMMENDRAG
Ei forteljing om far min, Alfred Buena Sperrevik. Frå oppveksten på ein liten gard i Lysefjorden, til livet på sjøen både før og under krigen. Noko er skrive av han sjølv, noko er gjengjeve frå avisartiklar og bøker, og noko er mine eigne ord.
Nils Torbjørn Sperrevik

Innhald

Forord
Før krigen i Norge
9. april, 1940
Alfred og Einar på Voss i aprildagane 1940
Tyskararbeid 1940 – 1941
Flukta med m/b Telma over Nordsjøen
MTB 52 i den engelske kanalen
Signalskule og ordonans
Konvoiteneste og minesveiping i Finnmark
Krigsslutt og dimittering
Minnemarkeringar etter krigen
Medaljar
Etterord
Kjelder

Forord

Medan Alfred, far min, levde var han ektemann, far, svigerfar, bestefar og oldefar. Han var òg son, bror, svoger og onkel. Alle som kjende han, fekk nok på eit eller anna tidspunkt ta del i nokre av opplevingane hans under krigen. Far var ein god forteljar, og visste korleis han skulle bygge opp historiene sine og dramatikken i opplevingane han var med på. Redselen og angsten han må ha kjent på, blei sjeldan del av desse historiene.
Dei følgjande sidene med far si krigshistorie, er skrivne mest med tanke på familien.
Sjølv om han var flink å fortelje frå krigen, er det no gått ein del år sidan han døydde frå oss, og historiene forsvinn litt etter litt frå minna våre. Mor og far let etter seg nokre notat om krigen, samt utklipp frå aviser. Eg har brukt tekstane i avisartiklane, tekstar frå bøker og nokre minner i det som kjem fram her.
Det er ikkje alltid like lett å skulle fortelje historia om sin eigen far. For å gjera det litt lettare for meg sjølv, har eg derfor brukt fornamnet hans, Alfred, når eg omtalar han.
Buena 14.03.2020
Nils Torbjørn Sperrevik

Før krigen i Norge

Alfred vaks opp på garden Buena. Foreldra hans heitte Helena og Lauritz. Han hadde seks søsken; Richard, Bergit, Lilly, Nils, Else og Synnøve. Då Alfred var baby, blei systera Else som var to år eldre, sjuk. Else måtte dermed få morsmjølka som Alfred skulle hatt og Alfred måtte nøye seg med grautatåte. Han sleit med å leggja på seg og vart etter kvart så svak at dokteren blei tilkalla. Alfred mintest at dokteren sa at «Denne guten kjem ikkje til å veksa opp»!
Faren Lauritz var til sjøs som kokk og seinare stuert. For å behalde jobben i reiarlaget måtte han stadig mønstre på nye båtar. Det blei derfor lita tid heime og han kom heim berre kvart andre år. Han var likevel svært viktig for familieøkonomien, då han hadde trekk i hyra kvar månad. Andre familiar sleit tungt, og fekk ikkje eta seg skikkeleg mette anna enn dei dagane dei hadde vore heldige å fått fisk i båten. Dei var dermed heldigare på Buena der det kom inn pengar kvar månad. Lauritz og Helena må ha vore flinke med pengebruken. Dei bygde seg hus på Buena kring 1916 og kjøpte Eikemyro i 1927. Sidan Lauritz var vekke så mykje, var det Helena, eller Lina Buena som ho vart heitande, som var bautaen i familien.
Sjølv om broren Richard var 11 år eldre enn Alfred, var han spanande og vera i lag med. Richard var opptatt av tekniske nyvinningar. Det meste skulle prøvast ut heime, og han hadde tolmod med dei yngre syskena.
Broren Nils var fire år eldre enn Alfred, og hadde ikkje same tolmodet som Richard. Alfred fekk juling av broren Nils mange gonger, og i følgje Alfred var det ikkje fortent heller. Han hadde derfor eit noko problematisk forhold til denne broren. I tillegg var Nils gullguten til Helena. Han var jo kalla opp etter far til Helena, sjølvaste Lekvenabesten. Alfred påstod at Nils, som skulle overta Buena ein dag, til og med fekk dei beste kjøtstykka når dei hadde sosekjøt til middag. Seinare, då dei blei eldre, betra forholdet seg mellom desse brørne. Dei kjøpte mellom anna ein platespelar ilag.
Alfred og kameraten Einar var mykje i lag i barndoms- og ungdomsåra. Dei fiska, segla, lystra og hadde stor fridom då begge fedrane var mykje borte.
Frametter 1930-talet var det stor arbeidsløyse i landet. Nokre dagar etter konfirmasjonen fekk Alfred seg hyra på ein fiskebåt som kokk. Sjølv om faren var stuert, kunne ikkje Alfred koke. Helena måtte derfor gje han eit lynkurs i koking av erter, kjøt og flesk rett før han for på fiske.
Lokalavisa «Midthordaland» hadde i utgåva den 23. desember 1987 ein artikkel om Alfred. Her fortel han sjølv til «Pluto» om tida før utbrotet av andre verdskrigen i Norge.
Alfred Sperrevik er 65 år og bur rett opp for Buena i Lysefjorden. Der vart han fødd og. Han er ein glad mann med ein kvikk replikk, og aldri er det langt til låtten. Han fører seg lett som ein tjueåring. Så ser han heller ikkje ut til å ha eit kilo for mykje på seg.
Å vera gutunge i 1920-åra og tidleg i 1930-åra var ikkje lett, særleg ikkje når me tenkjer på jordisk gods og gull. Det var smått om pengar, og dei yngste hadde ikkje mange måtar å tena skillingane på. Ein måte var å halde oppe grindene når storfolk kom køyrande. Dette var framleis i bilen sin barndom. Sjåføren kasta då gjerne ein slant til han som hadde opna grinda. Her fekk Alfred ein ljos ide. Gamlekongen vår, kong Håkon, var ein ihuga seglar, liksom son sin og sonesonen. Han var god siglarven med von Erpecom som åtte Lysekloster hovudgard. Det spurdest at kongen og fleire skulle koma frå byen over Fanafjellet med bilar. Ovanom klosterruinane eit stykke stod ei grind, og medan kong Håkon og fylgjet var i gjestebod, stod Alfred ved grinda og venta og venta og venta. Endeleg var dei ferdige med den «forferdelege» middagen og kom køyrande.
Men nei, ingen enste gutungen som stod og heldt trufast i grinda. Han såg etter bilane til den siste var borte bak svingen.
Ein annan gong hadde Alfred lukka med seg. Før det vart organisert skyssing til Lysøen, rodde dei fastbuande med turistar som gjerne ville over og sjå bygget til Ole Bull. Ein dag fekk Alfred to skottar med seg i båten. Han kom frå fiske, og hadde snøret liggjande i bakskuten. Den eine skotten ville fiska. Han fekk napp. Ein stor fisk måtte det vera. Fisken fylgde til ripa, men då stakk han av. Skotten betalte fire kroner som godtgjersle både for turen og fiskinga.
Skal me tru på vitsane som går om skottane, måtte desse to vera unnatak frå regelen.
Alfred vart konfirmert i 1936 og fyrste nyårsdag året etter reiste han på landnotfiske. Båten var frå ei grend i Sund, og laget om bord var derifrå. Dei tok til nord ved Bulandet og hamna på slutten sør ved Karmøy. Dei dreiv på i tre månader i strekk utan å sjå ei einaste sild på dekk.
«Til slutt gret basen,» fortel Alfred. Her hadde folk satsa alt, båt og bruk, og kom heim utan eit øre å letta skulda med.
Men det var eit sunt liv. Seks dagar i veka åt dei sild og havregrynsuppe. Sundagen vanka det erter, kjøt og flesk. Maten elles var kavring, boksemjølk, kaffi, margarin, sirup, sukker og grovt salt.
I 1938 reiste Alfred til sjøs. Han skulle mønstra om bord i Rouen i Frankrike, men vart gåande og venta på båten i tre veker. Han gjekk og trakka på alle museum som fanst i byen, for det var gratis. Endeleg kom båten, tankaren «Varanger» i reiarlaget Westfal-Larsen. Dei for fyrst til Tripolis og lasta for Rotterdam. Medan dei låg i Rotterdam, vart det sightseeing til Haag. Gutane sparka fotball der. Alfred vart så skadd i eit kne at han måtte på eit «katolsk nonnesjukehus». Han skjøna ikkje eitt ord av språket, men kom omsider i kontakt med den norske konsulen. Det vart ei heil historie med vatn i kne, og sistpå vart han send heim att.
Neste båt han for ut med, var «Sandanger», reint ei rose på sjøen i den tid. Han gjekk om bord i Newcastle. Båten drog til Asorene, og der vart skipet liggjande i to månader. Då dei endeleg letta anker, bar det til Panama, deretter til San Pedro, der dei lasta for Hong Kong. På same turen lasta dei ei dekkslast med feitolje i San Fransisco, for Shanghai. Då var den kjende brua Golden Gate nett opna.
I Hong Kong låg dei i fleire månader. «Det var mykje venting og ligging,» ler Alfred. Men hyra var den same for han. Det bar mot vest att, til Montreal. Der vart dei liggjande heile sumaren 1939. I september braut verdskrigen ut. D.å vart det ikkje meir venting. Dei lasta straks bensin i Aruba, for Oslo. Dei tok og inn flybensin som skulle til Gøteborg.
I Oslo mønstra mest alle mann av. Alfred reiste heim, men der var det ikkje arbeid å få. Han tok «fyrste båt» ut att, denne gongen «Porsanger». Alle båtar han reiste med høyrde til reiarlaget Westfal-Larsen. For pengelense folk lokka krigsrisikotillegget. På Nordsjøen fekk dei 25 kroner dagen, mest ei halv månadsløn.
No gjekk dei med kis frå Narvik til Statane. På veg heim att, fekk Alfred bod om at bror hans, Nils Sperrevik, hadde mist livet ved skotskekysten. Båten vart søkt av ein torpedo. Dette var eit par månader før Tyskland hærtok Norge.
I desse dagar låg det eit belte av britiske destroyerar på distansen mellom Island og Skotland. Ein av dei gav ordre til «Porsanger» om å gå innom Orknøyane før dei heldt fram på veg heim. Men det var skodde, og kapteinen saboterte heile ordren. I Oslo mønstra Alfred av og reiste heim til Lysefjorden. Straks etter vart Norge okkupert.

9. april 1940

Alfred har i eigne ord skildra opplevingane den 9. april 1940. Teksten vart sendt inn til Hordaland fylkeskommune si innsamling av krigsminne:

Slik opplevde eg 9. april 1940,
Det var berre ein kald nordakuling som var motstanden ein tysk ubåt fekk, på turen nordover Korsfjorden i ti-tida om morgonen denne dagen. Litt skyting hadde det vore då den tyske hovudstyrken tidleg same morgon inntok Bergen by. Det var Hellen festning som då klarte å få inn treff på kryssaren «Køningsberg» og ein ubåtjagar.
På vegen ved Sagstad, inne i Lysefjorden, hadde to ungdomar stansa motorsykkelen. Dei sat og såg på ubåten der ute. Det var uverkeleg at ein tysk ubåt kunne fara så fritt fram inne i vår skjergard. Vi sat berre og venta at no skulle den norske marinen ta seg av denne banditten, men ingenting hende og ubåten forsvann bak holmane.
Dei to ungdomane var Einar Engelsen og underteikna. Dei hadde fått eit spanande oppdrag av den norske hæravdelinga som tidleg på morgonen hadde gått i stilling i bjørkeskogen på øvrebøen til gardane Buena og Sørestraumen. Soldatane hadde alt vore i kamp med eit tysk bombefly, men det lukkast ikkje for nordmennene å skyta det ned.
Det var den kraftige flyduren over hustaket og skytinga som hadde vekt meg så brått i åttetida. Eg storma til vindauga for å sjå kva som var på gang, og eg fekk auge på eit stort fly. Det var den fyrste augekontakten eg hadde med den tyske krigsmakta. Dette flyet meiner eg dei norske soldatane skulle ha klart å skote ned. For det første gjekk det sakte, og for det andre gjekk det svært lavt. Soldatar vi snakka med, meinte det var øvingsammunisjon dei hadde fått utlevert, og at den var for svak til å skyte ned eit fly med, for dei meinte å ha observert fleire treff. Oppdraget me hadde fått var kort og presist: «Då våre sambandsliner er brotne, må de snarast dra til Bergen for å finne ut mest mogleg om fienden på kortast mogleg tid, for så venda attende og avgje rapport». Einar var ein rutinert og dugande motorsykkelførar og då det var lite trafikk på vegen, gjekk turen mot byen så det suste. Mellom Nesttun og Paradis møtte me dei første som evakuerte ut frå byen. Det skulle bli mange før dagen var omme. Eit par hundre meter nedanfor Storetveit gard møtte me dei første tyske soldatane på veg oppover. Dei hadde rekvirert tre av Sporveien sine bussar og hadde teke ein stopp her. Det hadde samla seg mange sivile rundt dei. Nokre sto berre og glante, andre var alt komne i gang med å prøva tysken sin. Me observerte at nedanfor vegen heldt ei lita gruppe tyske soldatar på å omringa eit hus. Dei rykka fram med maskinpistolane i neven, klare til å skyte. Me hadde ikkje tid å stoppa lenge, så me køyrde vidare mot byen. Eg har høyrt seinare at det låg norske soldatar i stilling rett ovanfor vegen der bussane sto, men dei kunne ikkje opna eld på grunn av alle sivile som hadde flokka seg til der. Altså venta dei for lenge med å trykka på avtrekkaren. Forståeleg er det og om dei la merke til kor slagkraftig dei tyske soldatane var med sitt moderne utstyr. Nesten kvar tysk soldat hadde sitt automatvåpen, og tre handgranatar i kvart støvleskaft. Det var museumsutstyr det dei norske soldatane hadde i forhold.
Me passerte telegrafbygningen i Starvhusgaten. Framfor inngangen sto det tre tyske vakter, så dei haddde alt under kontroll der. Me stoppa ikkje før me kom opp på Fredriksberg. Der sette me sykkelen frå oss og gjekk opp på ein liten haug, der me hadde god utsikt over fjorden. Det var tyskarar her og, men me fekk gå fritt i kring. Det var likeeins her som opp på Storetveit, mange sivile rundt tyskarane. Dette var tyskerane sin taktikk. Dess fleire sivile rundt dei, dess tryggare følte dei seg. Ved ein kai observerte me ein skada ubåtjagar. Den hadde fått eit stort hol i skutesida. Tre mindre krigsskip låg ved sida av. Fleire handelsskip låg for anker, og eit skip var i siget mot land. Her var ikkje meir å finna ut, så me køyrde ned til Vågen og ut til Skoltegrunnskaien. Me hadde lagt merke til at det var stor aktivitet der ute. Kaien var avsperra og tyske vakter passa på at ingen uvedkomande kom seg utpå. Det låg fleire skip ved kaien og vinsjane kvein og lastebommane for frå side til side, så det var lett å forstå kva dei dreiv med. På kaien hopa det seg opp med utstyr av alle slag, og tyskerane var begynt å setta opp avdelingane sine for alvor. Tilsaman meinte me no å ha sett over tusen fullt utrusta tyske soldatar, men det var sikkert mange fleire rundt om i byen og omegn. Me bestemte oss for å dra tilbake og sette kursen mot Lysefjorden.
No var det blitt ein straum av folk som evakuerte byen. Nokre med privatbilar, andre med laste- og varebilar. Felles for dei alle var at dei var uforsvarleg lasta med allslag husgeråd og folk. Nokon sat på biltaka, andre låg mellom framskjermane og motorkassen, og rundt lasteplanet sto folk tett og heldt fast i karmane. Så må eg og nemna alle dei som sleit på nedlessa syklar og handkjerrer. Mennene skuvde og drog på doningane sine, resten av familiane kom etter, slitande på ryggsekker og koffertar. Ja, det var litt av eit syn. Eg har aldri sett noko liknande, verken før eller seinare.
Oppe i Inndalsvegen passerte vi fire av Sporveien sine bussar, fulle av tyske soldatar. «Dei er på veg til Ulven», ropa eg til Einar. Han nikka på hovudet, og ga litt meir gass, for no kunne tida vera kostbar. Etter ein halv time var vi attende i Lysefjorden. Me gav rapport til befalet om det me hadde sett. Etterpå gav me oss i snakk med soldatane. Dei flokka seg kring oss. Dei var svært nyfikne på kva me hadde sett, og blei store i augo då me fortalde at tyske soldatar var på veg mot Os, om det flotte utstyret dei hadde, om maskinpistolar og handgranatar med treskaft som dei sette ned i støvleskafta o.s.v. Dei norske soldatane såg på sitt utstyr. Nokre rista på hovudet, andre tok det meir humoristisk, og alle fekk seg ein god flir då ein av dei foreslo at han ville reisa heim og henta størjegeværet med harpun og det heile.
Det var sikkert meir enn ein som fekk frysningar nedover ryggen der dei sto og tenkte på den vanskelege stoda dei var i. Det vart då bestemt at halve styrken skulle gå i stilling på garden Nordstraumen. Den ligg nordafor straumen som desse gardane har fått namn av. Kan hende befalet såg på vegkrysset der som strategisk, for same kor fienden kom frå, ville han koma under dobbel eld. Då halve styrken hadde samla seg og var klar for avgang, var det ein som ropa til dei som skulle vera att. «Om me ikkje får anna å skyta på, då får me begynna å skyta på kvarandre». Dei blei litt lystigare i humøret etter denne spøken, men alvoret kom snart attende, og idet dei drog av garde var det to karar eg kjende som bad meg helse heim.
I firetida om ettermiddagen kom dei same befalingsmennene som hadde bedt oss dra til Bergen, og spurte om me var viljuge til å reisa til Ulven og Os for å finna ut korleis stoda var der. Me var viljuge med det same. Det var ein god følelse at me kunne gjera litt nytte. Samstundes var det og litt spanande og me køyrde med det same.
Opp ved Lysekloster møtte me ein av grannane som kom køyrande med hest og kjerre. Me stoppa han og spurde kor han kom frå. Jau, han hadde vore til Os, men hadde køyrd om Søfteland heimatt, fordi tyskarane var komne til Ulven. Han rådde oss til å gjera som han, dersom me hadde tenkt oss til Os. Me køyrde om Ulven til Os og om Søfteland heimatt. Om grannen vår meinte det slik er lite truleg.
Då me kom til Ulven, var det tyske flagget alt kome til topps i flaggstanga. To gule bussar sto parkerte ved innkøyringa til leiren og ein tysk soldat sto vakt like ved vegen. Andre tyskarar såg me ikkje, men eg følte at me vart følgde med augo av nokon me ikkje kunne få auge på. Truleg låg det tyske soldatar i stilling ein eller fleire stader. Litt før me kom til vaktposten seier eg til Einar. «Me tar hitlerhilsen». Som sagt så gjort, og ca. 10 meter frå vakta heiv me høgre handa opp og ropte «Heil Hitler». Vakta vart so forfjamsa at han miste geværet, og då eg såg meg attende bøyde han seg ned for å ta opp att våpenet. Einar sakka litt på, han snur seg og gliser breitt. Det hadde gått styggeleg fort i det siste. Me kom til Os i halvfem-tida. Tyskarane var komne før oss. To av Sporveien sine bussar sto parkerte her. Me hadde observert seks bussar på veg ut frå byen. Det sto to her på Os, to på Ulven, men kor var det blitt av dei to siste, tru? På Osøyro var alt fredleg. Dei tyske soldatane hadde vore inne i forretningane og kjøpt seg noko å eta. Det var sjokolade det gjekk mest på. Det hadde samla seg ein god del nyfikne her og, men det var mest ungar. Eg fekk auge på ein tyskar som putta resten av ei sjokoladeplate i munnen. Det såg ut som han nytte måltidet i fullt mon, for han enste ingen ting rundt seg. No først merka eg kor svolten eg sjølv var. Det hadde ikkje blitt til at me åt medan me var i Lysefjorden, for ikkje å snakke om frukosten. Kven tenkte på mat i ei slik stund. Einar var ikkje å sjå, så eg gjekk inn til Mobergen, som det heitte den gongen. Hyllene var reinska for alt som heitte bakarvarer, så eg spurte diskdama om tyskarane hadde fare med alt. Det var ikkje mykje att i hyllene då dei kom, for det hadde vore så mange andre framande folk å handla denne dagen, sa ho, og no var det snart tomt for alt. Ein firkløver var alt eg skulle ha, og la 25 øre på disken, og ho slengte sjokoladen på disken, i det ho sa: «Det var den siste». Einar traff eg utanfor. Han hadde og fått seg noko å eta. Medan me står der, litt på avstand frå tyskarane, vart eg var ei lita jente. Ho hadde sikkert hatt ein kraftig forkjølelse, for rundt munn og nase var det fullt med sår og skurver. Ho og stirde med svoltne auge på ein tyskar som hadde kjøpt rikeleg med sjokolade. Det var visst lenge sidan han hadde sett mat, for eine sjokoladen var ikkje svelgd ned, før han putta ein ny i munnen. Han saug ikkje sjokoladen i seg slik andre folk gjer, nei, han togg i eitt kjør. Med eitt fekk han auge på småjenta. Det var som han plutseleg var blitt mett. Han hadde slutta å tyggja, berre stirde beint på jenta. Så med eitt tok han til å brekka seg noko forferdeleg. Det såg ut som om tarmane var begynt å arbeida galne vegen. Ein del av tyskarane tykte det var høgdepunktet for dagen. Dei gapskratta, peikte og ropte eitkvart til stakkaren, men han ensa ingenting. Han hadde nok med seg sjølv. Andre var blitt mistenkeleg bleike, og heldt seg på magen. Apetitten var ikkje den same lenger. Me hadde sett nok, og reiste heimatt til Lysefjorden.
Då me kom til brua ved Sørestraumen, møtte ei dame som me visste arbeidde i Bergen. Me stoppa for å høyre nytt. Ho var kjent for å ta litt hardt i når ho hadde eitkvart nytt å fara med, men det som me fekk høyra må vera verdsrekord. Jau, ho fortalde at i Bergen var det skyting over alt, og at fleire hundre, ja kanskje tusenar var drepne eller såra, og at folk vassa i blod til anklane. Me lydde andektig til det ho hadde å beretta, men det røynde på å halda seg alvorleg. Ho ante ikkje at me visste betre. Me starta opp og køyrde siste stykket for å avgje rapport. Då befalingsmennene fekk høyra korleis stoda var på Ulven og Os, meinte dei det var på høg tid å forlata Lysefjorden. Storparten av soldatane vart utover kvelden transportert til Helldalen, der dei overnatta. Dagen etter drog dei vidare til Arna stasjon, og med tog derfrå til Voss. Nokre få vart verande att i Nordvik utover våren og forsommaren. Dei var til god hjelp for gardbrukarane kringom på gardane. Det låg mykje klede og utstyr att etter soldatane. Det vart samla saman og sendt innover til Granvin med ei motorskøyte nokre dagar seinare. Det var komen mykje byfolk til Lysefjorden, og det var mange rykter i omlaup. Eit rykte vi likte å høyra, var at engelske styrkar var på veg for å hjelpa oss. Då det så kom nokre engelske fly innover, var alle sikre på at no kom hjelpa. Tyskarane hadde alt plassert antiluftskyts rundt i utkantane av Bergen, og det blei ei livleg skyting ei stund, men flya gjekk høgt, og me kunne ikkje sjå at noko fly vart råka. Dette var på slutten av dagen, mørkret seig på, og folk som hadde stått ute og sett på skytinga, tusla no i hus.
Heime hjå oss var det og komen folk frå byen. Det var slektsfolk. Når alle var komne vel i hus, vart det heller trongt om plassen. Dei hadde alle eit og anna å fortelja. Dei evakuerte var mest oppteken av det dei hadde reist i frå. Dei ottast storangrep av engelskmannen, og då kunne det oppstå brann og det som verre var med heimane deira. Alle var urolege for framtida, korleis matsituasjonen kom til å verta m.m. Ingen ante denne kvelden at det ville gå fem år med angst og fortviling for nokre, lengt og sakn for andre.
I ettertid har eg tenkt mykje på denne dagen. Eg meiner at 9. april 1940 er eit skrekkens eksempel på korleis eit forsvar skal vera. Det norske folket venta at våre soldatar skulle kjempa. Det var visst ingen som reflekterte over kor dårleg utstyr gutane våre hadde. Eg veit ikkje korleis forsvaret har klart å fornya seg, men skal me ha eit truverdig forsvar, må soldatane våre få det mest moderne og beste utstyret som kan skaffast. Då vil soldatane våre få trua på seg sjølve, og yta alt i ein gjeven situasjon. Frihet og sjølvråderett vil me alle ha, men då må og vera viljuge til å ofra noko.
Lysekloster 12. april 1986
Alfred Sperrevik

Alfred og Einar på Voss i aprildagane 1940

Mobiliseringa gjekk gale mange stader i landet. Det var ofte full forvirring om kvar og når dei innkalla skulle møta, og stor mangel på våpen og utstyr. Mobiliseringa på Voss var ei av dei som vart betre gjennomført. Over 6000 mann møtte opp dagane etter innkallinga 9. april, og dei vart samla på Bømoen.
På grunn av faren for bombing, vart dei etter kvart fordelte på gardane rundt omkring i bygda. Dette var ikkje like lett å gjennomføra sidan fleire tusen sivile bergensarar og hadde kome til bygda og trong mat og innkvartering. Her vart det gjort eit stort og godt arbeid frå vossingane for å gjennomføra alt dette på ein god måte.
Dei militære leiarane hadde tenkt å angripe dei tyske styrkane som var på veg mot bygda frå Bergen, men fekk ordre frå den øvste krigsleiinga om heller å dra austover for å møta tyskarane der. Derfor drog størstedelen av dei norske soldatane, 4500 mann, med tog til Hallingdal og møtte dei tyske invasjonsstyrkane der og i Valdres og Numedalen. Det var derfor ein fåtaleg norsk styrke som kunne møta tyskarane på Vegen mot Voss.
Sjølv om mobiliseringa stort sett gjekk greitt, vart det ein del forvirring på Bømoen. Mange soldatar som kom, fekk berre beskjed om å venta, utan å kunna gjera noko. I tillegg til dei innkalla, møtte og mange opp for å gjera ein innsats. Dette førte til at mottaksapparatet vart sprengt og var lite effektivt dei første dagane.
Dei norske styrkane som var stasjonert på Ulven 9. april, trekte seg etter kvart til Arna og vidare langs Vossa-bana mot Voss.
Den tyske generalmajoren Hermann Tittel hadde om lag 1900 soldatar frå 69. Infanteridivisjon i Bergensområdet 9. april. Etter kvart kom det forsterkningar. Den tyske knipetangsoperasjonen mot Voss vart utført av tre stridsgrupper. 500 mann gjekk langs jernbanen mot Voss – 400 mann rykte fram frå Ålvik over fjellet til Bordalen – 600 mann vart landsett i Granvin, og gjekk til åtak derfrå.
Tyskarane fylgde med i det som skjedde på Voss, og både 10. og 11. april var det rekognoseringsfly over Bømoen og Tvildemoen.
Om morgonen den 23. april gjekk seks tyske Heinkel bombefly til åtak mot Vossevangen, og slepte eit stort tal spreng- og brannbomber.
Neste dag 24. april fortsette bombinga, og då rauk resten av Vangen med. Det var mest trehus og skadane var store. Heile 82 hus brente ned og ni norske vart drepne.
Den 25. april vart det nesten ikkje bomba på Vangen, skriv Nils T. Kvamsdal og Sigmund Midtun i heftet «Fem år i krig» utgjeve på Voss i 1990. Då konsentrerte tyskarane sin innsats omkring dei norske styrkane sin retrett oppover mot Vossestrand, dessutan bomba dei oppover i Raundalen. I tillegg til bombinga, var det ein forferdeleg maskingeværskyting frå Stuka jagarfly.
Desse terroråtaka – som la Vangen flat – var nok ei av årsakene til at det spinkle norske forsvaret i Vosse-avsnittet til slutt braut saman.

alfred 2

 

Alfred fortalde mykje om opplevingane han og kameraten Einar hadde på veg til Voss, om tenesta der og reisa heimatt etter den 25. april då dei norske styrkane gav opp motstanden. Alfred forfatta eit samandrag (ført i pennen av Gudrun) av hendingane, og han fortalde litt til avisa Midthordland i 1987.

Alfred (17år), kameraten Einar og nokre andre ungdomar frå Os (kven desse andre var, er uvisst) drog av garde mot Voss laurdag 13. april. Det var overskya, litt regn og 3-5 grader. Dei tok vegen inn etter Hausdalen og nådde Redningshytta ved Gullfjellet om kvelden. Det var snø i fjellet, og karane hadde med seg ski (Alfred hadde lånt ski av Nils B. Søvik). På Redningshytta var komne fleire karar som og hadde tenkt seg til Voss. Dei overnatta der. Neste dag gjekk dei ned liene mot Skyggestrand og Sørfjorden, mest truleg kring garden Songstad. Der sette dei skiene frå seg (Alfred henta dei seinare på våren), og kom seg over til Osterøy med ein mindre båt. Dei kom fram til Bruvik om kvelden. Der fekk dei mat og overnatting på prestegarden. Dagen etter den 15. april fekk dei båtskyss over til Stanghelle, og togtransport vidare til Voss. s
Mobiliseringa av soldatane gjekk mykje betre på Voss enn andre stader i landet. Totalt var det samla 6000 norske soldatar på Voss i aprildagane, og nye ungdomar frå Vestlandet kom til Voss dagane etter 9. april. Mange sivile frå Bergen hadde og reist til Voss etter krigsutbrotet. Det var derfor litt kaotisk på Voss då Alfred og Einar nådde fram 15. april. Same dagen dei kom fram, blei det send norske soldatar austetter til Hallingdal, Valdres og Numedalen. Totalt blei det sendt 4500 soldatar frå Voss med tog til kampane på Austlandet.
Verken Alfred eller Einar hadde gjennomført fyrstegongsteneste og det blei derfor innrullerte i veterinærtenesta som hestepassarar. Dei fekk påsydd armbind som kjenneteikn på kor dei var innrullerte. Totalt var det over 600 hestar i kløvkompaniet og i andre kompani. Dagane gjekk ut på stell og lufting av hestar, assistanse under operasjonar på hestar og vaktteneste. Karane fekk utlevert ein sabel på deling under vakttenesta. Var det noko mistenkeleg på vaktrunden skulle dei trekke sabelen, gå fram og rope «Kven der?».
Tyske bombefly bomba Vossevangen og områda rundt den 23. og 24. april. Dei slapp både brann og sprengbomber. I tillegg skaut flya med mitraljøser på det meste som bevega seg på bakken. Norske soldatar låg under tre og torvkantar langs elvebreidda då eit tysk fly kom innover Vangsvatnet. Alfred var i ferd med å kryssa elva med ein av hestane han hadde ansvaret for, då flyet opna eld. Alfred pressa hesten medan kulene spruta rundt han i elva. Han og hesten kom seg uskadde over elva, men hestedekkenet som hadde flagra bakpå hesten hadde fleire kulehol.

alfred 3

Den 25. april var tyske styrkar på veg mot Voss langs jernbanelina, frå Granvin opp Skjervet og mot Bordalen frå Ålvik. Dei norske mannskapa trekte seg austover mot Vossestrand. Bombefly og Stuka-jagarfly følgde retretten til dei norske styrkane med maskingeværeld.
Alfred og Einar hadde tatt seg aust mot Løne då skytinga starta frå dei tyske flya. Alfred hadde lagt seg ned under ein stor stein, medan Einar hadde gøymt seg under ein hekk då flya for innetter dalen. Einar fann seg deretter eit betre skjul som var ei lukka for han, for flya som kom tilbake utetter dalen, pepra hekken med maskingeværa. Flya flaug inn og ut av dalen og fortsette skytinga. Alfred blei liggande under steinen og sovna. Han vakna av ein draum der mora ropte på han.
General Steffens gav ordre om å gje opp motstanden mot tyskarane same dagen, Mannskapa kunne enten prøva å ta seg til Åndalsnes der det enno var norske styrkar, eller ta seg heim.
Dei fekk no beskjed om at kamphandlingane var over og at måtte koma seg heim. Dei hadde sivile klede i ryggsekkane og skifte klede i eit naust nede ved Lønavatnet. Deretter gjekk dei mot Vossevangen. På Vangen var mest alle husa bomba og brente, men kyrkja, gymnaset og sjukehuset var ikkje trefte. Kyrkjeklokkene i Vangskyrkja hadde vore brukt til å varsle flyalarm, og ringjaren hadde ringt med klokkene sjølv under det verste bombardementet. Det var ikkje folk å sjå på Vangen då karane kom fram. Dei hadde ikkje ete skikkeleg på fleire dagar, så dei tok seg bort til gymnaset, der dei hadde fått mat under opphaldet. Det var ikkje folk å sjå der heller. Ikkje noko særleg mat var det heller, men dei fann både appelsinar og mokkabønner som dei fylte dei sekkane sine med som niste. Ute var det blitt mørkt, og det var tomt på Vangen. Dei tok seg over brua, og frametter langs vegen på sørsida av elva, mot Gjernes. Dei fann seg ei løe og gjekk å la seg i høyet.

alfred 4

Karane i løa vakna om morgonen av at budeia rasla med spann og mjølkekjørel. Dei fekk seg mjølk av budeia. Ho kunne fortelja at tyskarane hadde tatt Vangen om natta med mykje skyting. Då dei skulle pakka saman og gå, reiste det seg ein mann i høyet, Han mangla eit auge, og dreiv å leitte etter glasauga sitt. Alfred og Einar sneik seg ut av løa, og kom seg av garde utan å bli sett av tyskarane. Det bar utetter langs vegen på sørsida av Vangsvatnet fram mot Bulken og vidare mot Bergsdalen. Ved eit av forsvaret sine lager langs vegen, fann dei ski som dei bar med seg vidare.
Nokre kilometer oppover langs vegen mot Bergsdalen, gjekk dei inn i stova på ein av gardane dei gjekk forbi, og spurde om å få kjøpa noko mat. Dei hadde ikkje vanlege pengar, men hadde fått eigne pengesetlar som var produsert og trykt på Voss som betalingsmiddel, Pengesetlane var underteikna med general Steffens si underskrift. Bonden ville fyrst ikkje godta desse pengane, men tok etterkvart i mot setlane. Dei blei einige om prisen og bonden fann fram poteter, flatbrød og skar nokre sneier av ei spekeskinke. Karane sette seg til eta. Gutane blei ikkje mette, og då bonden gjekk ut på kjøkenet, var Einar snau og hekta skinka ned frå kroken på veggen, og skar seg nokre gode skiver, og hengde skinka opp att.
Dei kom fram til Hamlagrø ut på kvelden. Der blei dei tatt godt imot og fekk både mat og sengeplass. Det viste seg, at budeia på Hamlagrø hadde kjende eller slektningar frå Os.

alfred 5

Dagen etter bar det på ski frå Hamlagrø retning Samnanger. Folket på Hamlagrø viste karane kursen dei måtte ta for å nå Samnanger.
Om ettermiddagen kom dei ned til Nordbygda i Samnanger. Der fekk dei lovnad om mat og overnatting mot at dei hjelpte til med våronna dagen etter. Sidan tok dei seg ned til hovudvegen i Samnanger og starta å gå mot Trengereid. Etter ei tid kom det ein tysk transport på veg mot Bergen. Alfred og Einar fekk haik med tyskarane til Nesttun. Derifrå tok dei buss heim til Lysefjorden.
Alfred snakka ofte om dette «felttoget» han og Einar hadde til Voss. Det var med blanda kjensler han omtalte desse dramatiske aprildagane. Som 17-åring, og i teneste som hestepassar, såg han vel ikkje det store bilete som dei ansvarlege norske offiserane nok hadde. Som mange andre, var han forundra over at det gjekk an å vera så lite førebudd som dei norske myndigheitene var ved den tyske invasjonen. Det var likevel to forhold som sjokkerte han mest. Mange norske soldatar viste stort mot, og gjorde ein heltemodig innsats. Sjølv om dei låg i gode og nesten perfekte stillingar fekk dei likevel ordrar om retrett. Alfred hevda at mange offiserar ikkje ville ta opp kampen mot tyskarane, og dei nærast måtte oppfattast som femtekolonne og var truleg NS-medlemmer. Han opplevde at mange offiserar svikta, og var meir opptekne av å drikke brennevin og sikre seg sjølve.
Historiske dokument viser at den norske generalstaben alt den 11. april tilrådde regjeringa å kapitulere. Justisministeren som hadde møte med generalstaben, opplevde at dei høgaste offiserane i landet viste liten motstandvilje, og at dei helst ville gje opp. Det er grunn til å tru at desse haldningane forplanta seg nedover i offiserskorpset.

Lars Borgesrud har skrive fleire bøker om høgare norske offiserar si tilknyting til Nasjonal Samling før og under krigen. Han nemner mellom anna i ei av bøkene sine at major Carl J.E. Stenersen som var sjef for 1. bataljon av IR9, som låg på nøytralitetsvakt på Ulven 9. april 1940, var NS-medlem og hadde vore hirdsjef for NS i Oslo i 1933-35. Stenersen var og medlem av frimurarlosjen, noko som og andre NS-befal var. Mellom 20 til 25 av høgare norsk befal var NS-medlemmer eller sympatiserte med NS ved krigsutbrotet. Stenersen må ha endra syn totalt, for han tok seg over til England og fekk ein sentral rolle i å bygge opp dei norske styrkane der.
Eit anna forhold som sjokkerte og skuffa Alfred, var då han og Einar var på veg heim frå Voss. Då dei kom til Lysefjorden og for forbi Nordvik, var norske jenter alt var begynt å spela seg med dei tyske soldatane som då var komne til bygda.
At desse to ungdomane i det heile reiste til Voss, tyder på at det må ha vore eit stort engasjement blant mange ungdommar. Ingen av dei hadde gjennomført førstegongstenesta, så ein kan lure på kva dei trudde dei kunne bidra med. Eg trur ikkje Lina Buena, mor til Alfred, hadde velsigna denne Vossa-ferda, men det var vel typisk Alfred.

Tyskararbeid 1940 – 1941

Heime, etter Vossa-ferda, venta våronna på garden, og dei vende seg etter kvart til den nye tida med tysk okkupasjon. 17. maifeiring blei forbode, og det var elles lite å ta seg til. Alfred var ei tid og hjelpte til hos bakaren i Lysefjorden. Ei tid låg han på vedhogst på Ulvenfjellet. Der fekk han på god avstand med seg øvingane til dei tyske soldatane som var i Ulven leir. Tyskarane hadde beinhard disiplin blant eigne mannskap. Seinare var han med å hogg ved for forsyningsnemnda ved Mikkjelsvatnet på nordsida av Ulvenfjellet. Ved årskiftet 1940/41 var han på sildeising på Askøy.
Alfred var og innom det dei kalla «tyskararbeid». Dei tyske okkupantane begynte tidleg å bygga ut forsvarsanlegg langs kysten. I Lysefjorden blei det bygd ut fleire mindre bunkersanlegg. Desse anlegga var det lokale entreprenørar med lokal tilsette som stod for, etter planlegging og oppsyn av tyske offiserar.
Tyskararbeid var betre betalt enn vedhogsten for forsyningsnemnda, så vedhoggarane vart etter kvart engasjerte på tyskararbeid. Alfred var ein dag på arbeid, då han kom til å fortelja høgt frå noko han hadde høyrt frå dei norske radiosendingane frå London. Alfred blei tilsnakka av den norske basen, og blei fortald at det kunne få alvorlege konsekvensar for han dersom den tyske offiseren hadde fått dette med seg. Det gjekk etter kvart inn over nordmennene at dei måtte vera forsiktig med det dei sa.
Skulle tru at Alfred var blitt meir forsiktig etter dette. Ei stund seinare var Alfred ved butikken på Buena i lag med nokre andre ungdomar frå bygda, då ein tysk soldat rei inn på plassen på ein stor hest. Tyskaren gjekk av hesten, tjora han, og gjekk inn på butikken. Alfred losna hesten, heiv seg oppå og reid av garde innover vegen. Tyskaren som hadde vore innom butikken kom ut att og fann ikkje hesten. Han blei rasande, ropte og skreik i det Alfred kom med hesten galopperande inn på plassen. Alfred hoppa av hesten og tyskaren trekte pistolen og retta den mot han. Dei andre ungdomane som stod og såg på var sikker på at tyskaren ville trekka av. Etter å ha kjefta ei god stund på tysk, roa han seg litt etter kvart, putta pistolen i skjeftet, steig til hest og reid av garde. Ein av ungdomane som var vitne til hendinga var fetteren Nils B. Søvik som var 13 – 14 år den gongen.

Flukta med m/b Telma over Nordsjøen

Alfred opplevde turen over Nordsjøen med m/b Telma som kanskje den mest dramatiske og traumatiske opplevinga under 2. verdskrigen. Han har fortald om opplevingane både til familie og aviser. Agnar Mongstad frå Lindås, ein av dei andre ungdomane som reiste med Telma på denne turen, skreiv om hendinga i dagboka si etter han var komen over til Skottland. Deler av dagboka er tatt inn i Ragnar Ulstein si bok «Englandsfarten», bind 2, side 178 – 190. Boka ligg «open» på Nasjonalbiblioteket sine sider.
Alfred fortalde dette til avisa Midthordland ved journalist Marit Søvik i utgåva frå 23. oktober 1982:

«Opplevingane Alfred hadde frå aprildagane 1940, gjorde så sterke inntrykk at han gjorde seg opp den meininga at han ville vera med og kjempa vidare mot den tyske okkupasjonsmakta. Alfred fortalde vidare: Eg hadde høyrd at fleire hadde kome seg over til England, og det fasinerte meg. Eg prøvde å finne ein båt til å koma meg over i, men folk tok viktige motordelar med seg heim, so det klarte eg ikkje. Ein dag var det kome 1000 liter diesel på kaia her i Lysefjorden, og spurde styraren på handelslaget kva han ville gjera om dette vart vekke. Han svara slik: «Eg ville venta nokre dagar, men so vert eg nøydd til å melde frå».
Då mogna tanken om at eg måtte kapra «Lønningdal» som gjekk i rute mellom Sunnhordland og Bergen.
Same dagen ringde eg til kameraten min, Arvid Korsvold, som budde på Hop i Fana. I telefonen sa eg berre at eg hadde ein ide, men han svarte kontant: «Eg kjem».
Dette måtte vi vera varsame med, so me gjekk inn i fjøset for å diskutera. Eg hugsar godt at me lente oss på grisegarden og eg la ut om planen om å kapra «Lønningdal». Arvid synest dette var ein for stor risiko å ta. Han fortalde då at han hadde mann og båt liggjande nord i Solund i Sogn. Det lysna for oss begge då me hadde prata om problema. Me avgjorde å reisa alt dagen etter.
Eg gjekk over Fanafjellet om natta og la meg i baksetet på bussen som eg visste skulle gå til Bergen om morgonen.
Eg møtte Arvid på avtalt stad, og tok rutebåten til Sogn. Med same båten var det seks andre frå Hop-distriktet. Det var Arne Engen, Olaf Steen Hafstad, Hans Jacob Meland, Gustav Mulelid, Kjell W. Olsen og Hans Rohde.
Nokre av andleta kjende eg frå før, men eg gjorde som eg aldri hadde sett dei, då det var mange tyskarar på båten. Då me kom til Skjerjehamn var det ein times opphald, og me tutla i land to og to med god tids mellomrom og forsvann ut i terrenget til båten var gått. Då samla me oss.
I mellomtida var det kome ei lita fiskesnekke inn til kaia. Det kom ein gut til oss og spurde etter Arvid. Då han fekk vita at det var oss han skulle henta, gjekk me om bord og drog straks utover til heimstaden til Andreas Johannesen Geitarøy.
Andreas fortalte oss at mannen som skulle henta oss over Shetland, var forsvunnen med båten. No var gode råd dyre, kva skulle me gjera?
Det var ein nazist på staden, og til alt uhell var det handelsmannen. Me var redde for at han kunne få mistanke gjennom det store matforbruket familien Geitarøy fekk so brått.
Etter 3-4 dagar måtte me gå til han som hadde den einaste fiskeskøyta på staden. Det var Lorentz Ødejord. Han hadde ein 38 fots fiskebåt som heitte M/S Telma.

alfred 6
M/S “Telma” SF-100-SU var ei oppattbygd Listerskøyte på nær 40 fot med 24 HK Rapp.

Det regna og blåste sterkt den kvelden, og mørkt var det då Andreas banka på utgangsdøra. Som tredjemann i rekka, høyrde eg han spørja om å få båten på grunn av dei endra tilhøva.
Lorentz Ødejord tenkte seg lenge om og han svara slik: «Det er levebrødet mitt gutar, men de skal få ho. Eg må fyrst få reise til Bergen i morgon, so ta båten i morgon kveld».

alfred 8
Lorentz Ødejord Han dreiv fiske med den 38 fots store skøyta Telma, denne let han ungdommar “stele” under krigen så dei dei kunne rømme til Shetland.
alfred 9
Lorentz Ødejord og kona på besøk på Buena tidleg på 1960-talet. Alfred trefte Lorentz Ødejord att ved Erik Bye sitt program «Vi går om bord» i 1961, der Lorentz blei æra for at han hadde gitt skøyta i frå seg

No var det ingen veg attende. Same kvelden fekk me og melding om at det var to karar på Utvær fyr som og måtte vera med. No var me nøydde til å gå til havs om veret var slik eller slik.
Me var elleve mann som drog frå Noreg den 27. oktober, dei to på Utvær var Julian Holmås og Agnar Mongstad, og so var Andreas Geitarøy med som høvedsmann.
Eg innbilla meg at det var ein laurdagskveld me for til havs i bra ver. Det vart etterkvart kuling og tung sjø, eit riktig grapsevær, og gutane som ikkje hadde vore på sjøen tidlegare, vart frykteleg sjøsjuke.
Alt gjekk vel og bra vestover, men det vart lite søvn på oss fire Mulelid, Hafstad, Geitarøy og meg.
Ut på sundag ettermiddag vart me oppdaga av eit fly, men i sjødrevet har flygaren mista kontakten med oss, for me høyrde flyet kretsar rundt og rundt, men me veit ikkje om det var engelsk elle tysk.
Det gjekk mot kveld og me som ikkje hadde sove, kjende at trøyttleiken seig inn over oss. Det var vel i ti-tida om kvelden eg fekk ei køye, kraup godt ned i soveposen, snørte til rundt halsen og vart gynga i søvn av aukande sjø.
Kor lenge eg sov, veit eg ikkje, men eg vakna av at eg vart slengt ut or køya. Samtidig vart lugaren fylt med sjø og truleg vart det panikk i lugaren. Eg har nokre glimt frå hendinga, for eg var hjelpelaus slik eg låg i soveposen og skvalpa i sjøvatnet. Eg vart tråkka ned, kom meg opp og fekk trekt luft, vart tråkka ned att. Til slutt var det ein som stod på meg.
Eg heldt pusten – mange, mange «evigheter» føler eg i dag, men på eit eller anna vis kom eg til overflata att. Kor eg fekk kreftene frå veit eg ikkje, men eg klarte å sprengja soveposen og koma meg fri.
Kva som hadde hendt visste eg ikkje med ein gong. Det var svart som i grava i lugaren, og folk vart slengd rundt. Men heldigvis varte ikkje sjokktilstanden so lenge for oss. Det vart strekt ei line kring styrehuset og masta som me kunne halde i medan me starta å lensa båten. Det var so kaldt at me ikkje kunne vera oppe på dekk meir enn nokre få minutt av gongen. Det var varmare i sjøvatnet.
Mongstad og Holmås hadde pumpetørn, då kom det ein svær brottsjø som sleit dei frå lina. Den eine vart liggjande på innsida av rekkja halvvegs i svime. Då han kom til seg sjølv, låg han slik at han hadde eine armen utafor rekka. Han kjende at neven rørte ved noko tøy. Automatisk greip han tak og drog til, og det synte seg å vera kameraten som var slått i svime.
Me haddde pumpa på spreng, men det minka ikkje på sjøvatnet i lugaren. Ein eller annan hadde funne ei øks til å hogga hol i dørken, so vatnet kunne renna ned i kjølen og me kunne ta vatnet med pumpa. Det var ikkje lett å få hol i dørken. Her hadde ein trong for lange armar, og då kom eg til min rett. Men det heldt ikkje det heller, og me måtte dukka ned og kjenna kor me hadde hogge. Du veit det vart berre pikking av dettte. Lang om lenge fekk me gnagd oss gjennom og fekk lensa skuta.
I heile denne tida hadde maskina stått, og me hadde lege å dreve. Me fekk ut eit drivanker, slik at skuta vart halden opp mot vinden. Deretter trengde me oss saman i lugaren for å få ly for den iskalde vinden. Fyrst no kunne me snakka om kva som haddde hendt. Dei karane som var vakne då hendinga skjedde, påstod at skuta regelrett hadde gjort kolbøtte.
Seinare gransking som Erik Bye gjorde i samband med denne turen, synte at ved Shetland flystasjon hadde det ikkje vore målt sterkare vind dei siste 30 åra.
Havstad som var styrmannselev, rekna ut at me var om lag 3-4 timar frå land. Einaste me no kunne gjera var å vona at me ikkje gjekk inn i brenningane på Shetlandskysten, slik fleire andre norske båtar gjorde. Maskina var fylt med sjø, maten var øydelagt av sjø, kleda våte av sjøen. Det einaste som kunne tenkast å vera tørt var i ein eller annan koffert eller ryggsekk. Det kom vel med seinare.
Ut på ettermiddagen observerte me fem engelske bombefly. Me vinka og me ropte og var heilt sikre på at dei no hadde sett oss og sendt melding til land. Humøret steig.
Atter ei kald natt. Me låg framme i lugaren som tidlegare, og kunne høyre Andreas arbeida i maskinrommet. Han hadde fiksa flaggermuslykta og hadde fått arbeidslys. Me var ganske utkøyrde, men sjøen var rolegare, og sjølv om svelten gnog i tarmane sovna me. Eg vakna av at maskina byrja seia dunk – dunk – dunk!
Andreas hadde arbeidd heile natta i maskina, skrudd ned og tørka kvar del, skrudd saman og klart å få den i gang. No var det ei skute som gav liv og von!
Alle mann tørna på dekk, men visste ikkje kva kurs me skulle ta, for me hadde drive langt av lei.
Før morgonlyset kom, måtte me berre gå for halv fart på ein antatt kurs. Du kan tru vi vart forundra då vi såg eit raudt lys på babord baug. Det var mange teoriar, me såg ikkje land, og gjekk for sakte fart, men brått stod me på eit undervasskjer. No kunne me sjå teikn av dag i aust. Me fann nokre klede frå ein koffert, dyppa dei i olje og setter fyr på. Naudblusset lyste opp, og me såg straks lommelykter i sving på land.
Me vart kasta av skjeret og rak så inn på eit nytt skjer. No var det såpass lys at me kunne sjå land. Det kom folk med ein robåt og sette den på land. Båten vår hadde stranda om lag 200 meter frå land, og tre eller fire av oss følte seg sterke nok til å hoppa i sjøen og svømte mot land.
Me vart tekne i mot av engelske soldatar. Eg vart teken med opp til ein engelsk offiser ikkje langt frå stranda, men eg var feil mann. Eg kunne ikkje språket, så Arvid måtte til.
Alle saman vart berga i land. Arvid var til avhøyr hjå engelske offiserar og fortalde kor me kom frå, og fekk vita kor vi var. Me var hamna på Sanday på Orknøyane.
Engelskmennene hadde laga til eit langbord i ei brakke. Det var dekka til elleve personar. Kvit og brun loff, mjølk, te, kaffi, egg og bacon – og det smakte. Mange pakkar sigaretter låg på bordet, men toppen på kransekaka var at Andreas hadde berga med seg ei flaske akevitt frå skuta, og den vart no skjenka rundt. Alt smakte vidunderleg, eg kan kjenne smaken den dag i dag.
Her sluttar historia om reisa som Alfred og dei ti andre gjorde med m/b Telma dei stormfulle dagane i oktober 1941.

No byrja krigen for desse gutane! Alle overlevde krigen med unnatak av
Andreas Johannesen Geitarøy frå Kolgrov i Solund – han som hadde fått dei trygt over Nordsjøen. Han omkom då båten han var ombord på, gjekk ned i Nordsjøen i samband med raidet på Stord. Dei andre som drog over med Telma vart fordelt på ulike våpengreiner. Fire mann gjekk til flyvåpenet, og fekk opplæring i Canada, to mann kom til marinen, ein mann i handelsflåten og tre blei fordelt i hæren.

  • Arne Engen frå Hop i Bergen, I flyvåpenet
  • Odd (Olaf) Steen Hafstad frå Bergen. I handelsflåten
  • Hans Jacob Meland frå Hop i Bergen. I hæren. Special Operations Executive (SOE)
  • Gustav Mulelid frå Florø (skippar/styrmann) . I marinen. Var i marinen ved krigsutbrotet. Seinare i april var han involvert i trefningar i Gulen.
  • Kjell W. Olsen frå Hop i Bergen. I flyvåpenet
  • Hans Rohde frå Hop i Bergen. I flyvåpenet. Spitfire-pilot
  • Arvid Korsvold frå Hop i Bergen. I flyvåpenet.
  • Julian Holmås, frå Bergen. I Skottlandsbrigaden. I 1997 var han redaktør av boka «Historien om Skottlandsbrigaden 1940-1945», der overfarten med Telma er omtalt på sidene 128 og 129.
  • Agnar Mongstad, frå Lindås. I Skottlandsbrigaden. I boka om Skottlandsbrigaden fortel han han då han drog over. Lensmannen i Lindås hadde fått ordre om å arrestere Agnar Mongstad, og å bringa han til Bergen. Han hadde skreve ei nidvise om Quisling. Den lokale lensmannen ringte far til Agnar og sa:
    «I morgon må Agnar vera heime, for eg har fått ordre om å arrestera han og føra han til Bergen». Agnar stakk så av og kom seg over til England.
  • Alfred Sperrevik, frå Lysekloster. I marinen

MTB 52 i den engelske kanalen

Alfred og mannskapet på m/s Telma stranda på Orknøyane den 30. oktober 1941. Etter å blitt tatt godt i mot og fått både mat og søvn, blei dei neste dag transportert til Kirkwall og Shetland av ein minesveipar og forhøyrd av ein svenske i britisk marineuniform.
Via Thurso nord i Skottland blei dei transportert til Royal Victoria Patriotic School i London for vidare forhøyr. Der blei alle som var komne ulovleg inn i landet internert, og dei vart forhøyrd av britisk personell som snakka godt norsk. I desse forhøyra fekk britane nye opplysningar frå det okkuperte Norge, og eventuelle spionar skulle avslørast. Etter nokre dagar med intense forhøyrt vart alle klarerte og sendt til County Hotel som var disponert av norske styresmaktene. Neste dag meldte dei seg på innregistreringskontoret, og Alfred blei innrullert i marinen.
Den 25. november 1941 startar Alfred på rekruttskule på Skegness på austkysten av England. Her fekk han grunnleggande militær opplæring, og var klar for kamp den 12. januar 1942.

alfred 10
Rekruttskolen “Normannaheim”, Skegnes,1941.Tropp på utmarsj. Er det Alfred i fyrste rekke?

MTB 52

alfred 11

14. januar 1942 vart Alfred beordra om bord i MTB 52 og stasjonert i Portland ved den engelske kanal. Alfred mønstra på som kokk.
Tenesta i Kanalen var for det meste eskortering av konvoiar, redningsarbeid ved torpederingar og patruljeteneste på kystane av Frankrike, Belgia og Holland. Det kom ofte til artilleritrefningar, men regulære torpedoangrep på fiendtleg tonnasje var forholdsvis sjeldne. Alfred opplevde ofte skremmande bombeangrep mot dei kystbyane i England der dei låg til kai. Det var fem motortorpedobåtar av denne typen som danna ein eigen motorbåtflotilje med base i Portland. Det viste seg at denne MTB-typen av Thornycroft-klassen var lite robust, og var stadig utsett for havari, og MTB 52 blei derfor levert tilbake til den britiske marinen den 18. juni 1942, men i følgje vernepliktsboka til Alfred stod han om bord til den 16. juli 1942.

Med MTB 631 og MTB 653 på Shetland

Etter å ha mønstra av MTB 52 blei Alfred overført til MTB 631 som var under bygging sydaust for London. Dei følgde bygginga av den nye båten, og den 20. august mønstra han på som kokk og skyttar.
I oktober 1941, blei MTB 56, slept over til norskekysten, og torpederte eit tankskip i Korsfjorden. Tankskipet gjekk i konvoi, med tysk eskorte. Uheldigvis omkom 13 norske sjøfolk på dette skipet som var på veg til Trondheim med flybensin til tyske avdelingar. Operasjonen hadde vist at små, hurtige og slagkraftig fartøy kunne utnyttast til offensive raid langs norskekysten. Fartøytypen som MTB 56 var del av, var likevel lite egna til operasjonar i Nordsjøen vinterstid. Det blei derfor hausten 1942 oppretta ein ny norsk MTB Flotilje, 30. (N) MTB Flotilje, med stasjon Lerwick på Shetland og med oppdrag å angripa tysk og tyskkontrollert skipstrafikk på Norskekysten.
Den norske marinen overtok 8 MTB-ar av ein større sjøgåande type, med stor nok aksjonsradius til å rekke over til Norge og tilbake. Desse båtane var av den såkalla “Fairmile type D”, hadde ein maksfart på 32 knop, ein aksjonsradius på 900 nautiske mil og hadde eit mannskap på 26 mann. Flotiljen var kampklar frå 11. november 1942, og den samla styrken var rundt regna på 250 mann. Den 1. august 1943 blei namnet på flotiljen endra til 54. (N) MTB Flotilje. I tida frå november 1942 til mai 1945 utførte dei norske MTB-ane i alt 161 oppdrag på Norskekysten, frå Trondheim i nord til Kristiansand i sør, men med tyngdepunktet av operasjonane på strekninga Florø-Haugesund.
Operasjonane måtte gjennomførast i vinterhalvåret då dei kunne gå inn mot norskekysten i skjul av mørke. MTB-ane opererte ofte to og to i lag. Dårleg vær medførte ofte at operasjonar måtte avbrytast og var kanskje den største risikoen knytt til enkeltoperasjonar. Dårleg vær med høg sjø sleit på mannskapa. Etter at eit tokt var avslutta på norskekysten, og MTB-ane var identifiserte av tyskarane, måtte ein ut av kampområdet før tyske fly- og sjøstridskreften klarte å stoppa dei. Då vart det derfor sett full fart på returen mot Shetland. Sjølv om MTB-ane var 125 fot, var dette trebåtar av kryssfiner og med maksfart på over 30 knop. Båtane blei køyrd hardt i grov sjø, og fleire båtar opplevde både ein og fleire gonger innslåtte spant under overfarten.

Alfred på MTB 631 – 20. august 1942 til 14. mars 1943
MTB 631 med Alfred om bord hadde fleire dramatiske operasjonar på norskekysten. Nokre av dei er omtalt i bøker og Alfred har fortalt om MTB-tida til aviser. Mykje av teksten her er henta frå boka til Jon Rustung Hegland «Norske motortorpedobåters operasjoner fra Shetland 1941 – 1945» (boka er digitalisert og ligg open på Nasjonalbiblioteket). MTB 631 og 653 som Alfred var om bord på, hadde Erling Matland som sjef. I teksten er MTB 631 og 653 og Matland gula ut, for å gjere det lettare å følgja båtane Alfred var om bord i under operasjonane.

Første tokt til Norge
Kl. 0800 den 22. november 1942 stakk MTB 618, 619, 625, 626 og 631 (m/Alfred) til sjøs fra Lerwick i vindstyrke 5. Vinden tiltok ut over dagen og etter 5 timer måtte MTB-ene 618 og 625 snu med brukne spant og med lekkasjer forut. Hovedstyrken fortsatte.
Kl. 1955 observerte man lavt land om babord baug, og styrte en halv time senere inn i Selbjørnsfjorden og videre sørover inn i Nyleia mellom Stord og Bømlo. For sakte fart navigerte fartøyene sydover til Sætervik og fortøyde der langs land kl. 2140. Natten var klar med fullmåne. Kl. 0425 startet de maskinen og for sakte fart seg de sørover Nyleia. De møtte en tysk patruljebåt, men den var for liten. Videre krysset de Bømlafjorden og speidet etter større fartøy på Sletta. Med tiltakende dagslys, var det ikke mer å gjøre, og kursen ble satt vestover igjen mot Shetland, som de ankom kl. 1730 samme dag.
Ikkje alle historiene har like mykje dramatikk med seg, men og humor, som denne som er fortald til mellom anna Bømlanytt av ein av dei som var med på denne turen. Alfred fortalde og denne historia.

Bomtur til Nyleia og juletre til kongen jula 1942
Natt til 27.november 1942 kjem det sigande inn to norske motortorpedobåtar ved Rolvsnes. Det er MTB 626 og MTB 631 som ser etter eigna skjulestad for tyskarane. MTB 626 har med seg ein kjentmann som kjenner området som si eiga bukselomme. Mons Klubben viser veg og dei legg seg i skjul inntil Dyrneset ved sida av Hisøy. Dei er på eit rekognoseringstokt og har plan om å senke og lamme tysk trafikk. Båtane blir kamuflera og det blir satt ut tre vaktpostar på forskjellige stadar i land. Fleire hus i nabolaget blir også undersøkt.
Dei finn ikkje noko passande mål, men blir liggande slik over fleire dagar då veret forhindrar dei i å legge kursen tilbake til Shetland. Det er tette snøbyer og det bles godt, sikta er dårleg. Mens dei ligg slik og ventar er det at ein kjem med ideen om å ta med eit juletre til å ha i messa på Shetland. Ideen blir godt mottatt. Det er då ein anna får ideen om å hente to tre slik at dei kan sende det andre til London og kongen. Dette vekker engasjement hjå dei fleste. Norsk julegran måtte vere noko kongen ville sette pris på. Mons Klubben og nokkre av dei andre tar lettbåten og ror over til Hisøy. Dei har tatt med seg kjøttsaga til kokken. Dei vil ikkje bruke øks tilfelle det er tyskarar i nærleiken og som då kanskje kan høyre dei. Då dei kjem tilbake har dei kun med seg eit tre. «Kvifor?» spurte dei som hadde vore igjen om bord. Forklaringa var at dei ikkje kunne finne noko som var fint nok for kongen.
Ekspedisjonen blei så sendt i land på ny for å finne eit feilfritt tre, og det tok tid. 1 time gjekk, 2 timar gjekk. Sjefen begynte å bli nervøs. Kongen ville vere den siste til å takka for presangen om dette skulle gå ut over operasjonen. Men så kunne skipssjefen plutseleg skimte noko. Det vil sei at han såg ikkje mannskapet, for treet var så stort at dei var skjult under det. Alt han såg var kun eit digert tre som kom krypande nedover i langsamt tempo. Skipssjefen gav dei ein reprimande over bruka tid, men dei hadde allereie svaret klart. Når dei først hadde bruka så lang tid med å finne eit feilfritt tre, måtte dei vere forsiktig med å bringe det om bord.
Treet var ei populær gåve og blei godt mottatt i London.
I 1943 blei det på ny henta juletre. Denne gong i frå Austevoll. Denne gong var det også ein bømling med.
MTB 625 og 653 er på tokt for å angripe mål mellom Korsfjorden og Bjørnefjorden. Om bord i MTB 653 er Mons Habbestad med som skyttar.
Dei er framme like før klokka 1 på natta, 7.desember 1943 og legg seg i skjul i Busepollen. Dei kamuflerte båtane og la ut vaktpostar for å speide etter mål. Ein av mannskapa om bord på MTB`ane, Anders Merkesdal, er i frå området. Faktisk like ved.
Om natta ror han og Gustav Petterson over til Kolbeinsvik. Utstyra med maskingevær og pistol snik dei seg innpå heimehuset til foreldra hans. Han veit ikkje om dei endå bur der, då han ikkje har vore heime sida han rømde landet for over tre år sida. Anders kjenner på døra og den er ulåst. Dette tek han som eit godt teikn. Foreldra brukar ikkje å låse døra. Han snik seg inn til soverommet, og kviskrar «Det er Anders». «Å er det du» svarer mora. Han skjønna at ho trur det er søskenbarnet hans, som også heiter Anders. «Det er meg, Anders», seier han med litt høgare røst. Mora blir med eit lys våken. Det går eit sekund eller to før hu svarar «Har du kaffi?» Anders hadde med seg kaffi, men det var eit svar han aldri kom til å gløyme. Gjensynsgleda var stor. Etter ei lita stund går far til Anders ut og høgg ned det flottaste grantreet i hekken. Anders og Gustav tar med seg treet om bord.
Dei fortsette oppdraget som dei kom der for, men etter å ha blitt oppdaga av lyskastarar på Røttinga og Korsneset, blei dei straks tatt under eld ifrå Korsnes festning. Salvane slår ned like i nærleiken av båtane, men heldigvis treff ingen. Både dei og treet kjem seg heilskinna tilbake til Shetland. Juletreet vart så bringa vidare til kongen, og på ny blei det stor begeistring i London.
I 1944 var nok den mest dramatiske av turane det blei henta juletre.
MTB 653 og 717 var på veg inn til ein lureposisjon ved Trælsøy i Austevoll kommune. Mons Habbestad er fortsatt på 653 og med denne gongen også.
Målet deira var nok eingong å lamme tysk trafikk. Det blir bestemt å legge seg i ro til dagen etter, og dei ser etter eigna skjulestad. Under leitinga etter stad å ligge blir det tatt om bord to «smekre» juletrær på Rostøy, før dei endar opp på ny med å kamuflere seg i Busepollen. Her låg dei heile 7.desember til utpå kvelden. Dei gjekk då ut og la seg til ved Trælsøy for å vente på ein tysk konvoi. Då konvoien kom og torpedobåtane gjorde seg klare for åtak, så skjer det som ikkje skal skje. MTB 653 går på eit undervasskjer og blir liggande utan å kunne komme seg fram eller bak. Tilfeldighetar gjer det slik at konvoien passerer akkurat forbi i perfekt posisjon til at dei kan skyte ut sine torpedoar.
MTB 653 treff med begge sine og 717 treff også. Lasteskipet Ditmar Koel som er lasta med Jernmalm, går ned på rundt fire minutt.
Vekta av torpedoane som blei avfyrt, gjer at båten blir så mykje lettare i forkant at den no klara å dra seg av skjæret igjen. Men båten var alvorleg skada, og det var hektisk om bord. Tyskarane veit ikkje kvar åtaket kom i frå. Lyskastarar sveipar over området og det blei skote opp lysgranatar. Men utan at dei ser MTB`ane. Dei må gå med redusert fart og klarar kun 15 knop på tilbakevegen.
Om bord i MTB 653 går lensepumpene for fullt, men klarar ikkje å ta nok unna. Heile mannskapet set i gong med pøser for å halde MTB`en lens. Ved middagstid 8.desember trenger sjøen inn i maskinrommet og motorane slutta å gå då dei ligg rundt 30 mil frå land. Heile akterenden ligg under sjø og dei vurderer om dei må forlate MTB`en. Patruljefartøyet «Molde» kjem heldigvis til unnsetning og får slepa dei til land.
Det seies at i ein periode virka det som om mannskapet var meir opptatt av å redde juletreet til kongen, enn båten. Eit tre henta på norsk jord, forran nasa på tyskarane sto høgt i kurs og betydde like mykje for mannskapa, så som det gjorde for Kong Haakon.
Både båt og tre kom seg til land og kongen fekk sin julegran, også dette året.
Kanskje den spede start til den årlege julegrana i London blei starta i MTB flotiljen?
Kong Haakon bekrefta etter krigen at på eit av trea han fekk så hang det ein lapp med ei personleg helsing. På lappen stod det «Dette juletre er intet tjuvegods da det er hentet på min egen eigedom. A.M.»

Storm og ny bomtur julen 1942
Julen 1942 ble feiret under primitive forhold mens stormene feiet over Shetland. Annen juledag var der tegn til bedring i været, og man besluttet å sette i verk en ny operasjon mot norskekysten. MTB-ene gikk ut om morgenen 26. desember. MTB 620, 623 og 631 snudde på grunn av været etter få timer med brukne spant. MTB 619 og 626 kom helt opp under norskekysten, men måtte også snu, og kom tilbake med flere brukne spant. MTB 619 brukte 43 timer på tilbaketuren, men hadde lekk skip og 11 brukne tverrskipsspant og 3 langskipsspant.
Brukne spant, medførte omfattende reparasjoner og MTB-ene måtte ut av operativ tjeneste i perioder. Skadene ble reparert ved at de mest utsatte spantene forut ble jernforsterket.
Den norske overkommando og Kongen selv uttrykte likevel stor tilfredshet med hva MTB-flotiljen hadde utrettet.
Tungodden signalstasjon
15. januar gjekk MTB 631 til sjøs i lag med MTB 626. Dei fekk landkjenning ved Utvær I Solund. Nord i Steinsundet ved Gildreneset la dei seg inntil ein fjellhammar og kamuflerte seg. Det blei sett ut vaktar og utkikk på næraste fjelltopp. Der låg dei i fleire døgn og observerte skipstrafikken i leia. Den 18. januar gjekk dei nordover Askvoll, der dei meinte det låg oppankra tysk tonnasje. Det var ingen tyske skip i området og dei returnerte til Gildreneset. Kvelden etter gjekk dei ut i leia utan å finne mål for torpedering. For ikkje å reise tomhendte tilbake, blei signalstasjonen på Tungodden angripen. Signalstasjonen blei øydelagt, ein tysk soldat vart drepen og fire soldatar skadd.

Raidet mot Stord kisgruver
Stordø kisgruver var eit gruveanlegg på Litlabø på Stord. Gruvene sysselsette fleire hundre arbeidarar, og dei tok ut svovelkis frå gruvene, som under 2. verdskrigen vart nytta i den tyske rustningsindustrien. Svovelkisen blei frakta 3,3 km med ein elektrisk jernbane til kaianlegget ved Sagvåg. Dei allierte bestemte seg derfor for å gjennomføra ein aksjon mot gruvene, med det føremålet å stoppa produksjonen. Norske og britiske kommandosoldatar stasjonert på Shetland, vart sett til å gjennomføra sabotasjeoppdraget. Soldatane vart transportert med MTB-ar. Operasjonen er fortald av forfattaren Arnfinn Haga i boka «Raidet mot Stordø kisgruver», «Landgang ved midnatt» (er digitalisert og ligg open på Nasjonalbiblioteket).
Det er kjent at Hitler ble overmåte irritert over disse nålestikkene som MTB-er og hemmelige spesialtropper tilføyet ham. Allerede 18. oktober 1942 hadde han utstedt en førerbefaling som under trussel av krigsrett påla alle tyske sjefer og offiserer å nedkjempe slike individer uten nåde til siste mann. Hvis den tyske krigsmakt likevel tok fanger, skulle de uopphørlig overleveres til Sikkerhetstjenesten (Gestapo). Genevekonvensjonen gjaldt ikke for dem.
Nettopp en slik kombinert MTB- og commandoangrep ble planlagt hos A.C.O.S. (Admiral Commanding Orkneys and Shetland). Målet var Stord kisgrube ved Sagvåg som forsynte den tyske krigsindustrien med betydelige mengder kobber og svovelkis. Før angrepsplanen ble endelig utformet, var det nødvendig å dra på befaring for å undersøke forholdene på stedet. Lt. Østervold, Fredrik Børresen og kvartermester Stokka, forkledde seg som fiskere og dro av sted den 8. januar med skøyten Sjølivet. Om morgenen den 10. kom Sjølivet inn nord av Hiskjo, fortsatte gjennom Kulleseid-kanalen og fortøyde i Håvikbukten. Børresen og Stokka dro i motorbåt videre til Sagvåg, der en troskyldig tysk skiltvakt hjalp dem med fanglinen. De slo av en hyggelig passiar med ham og brukte øynene. Sagvågs forsvarsverker besto av 10,5 cm kanoner og noen maskingevær. Den tyske vaktstyrken talte 19 mann under kommando av en Feldwebel.
Børresen og Stokka returnerte så til Håvik, og noen dager senere var Sjølivet tilbake i Lerwick. Østervold hadde med seg en serie fotografier av bl.a. Kulleseidkanalen og Slåtterøy fyr.
Den 19. januar undertegnet admiral Wells ordrene for iverksetting av Operasjon Cartoon – angrep på Sagvåg.
alfred12

Den norske styrken omfatta
Angrepsstyrke: MTB 626 (løytnant Bøgeberg, med styrkesjef lt. Tamber)
MTB 627 (lt. Henriksen)
Dekningsstyrke: MTB 620 (lt. Prebensen)
MTB 625 (lt. Hjellestad)
MTB 631 (lt. Matland), som Alfred var om bord i
Avledningsstyrke: MTB 618 (lt. Andersen)
MTB 623 (lt. Herlofsen)
Kommandosoldater: 50 mann frå No.12 Commando (sjef major Fynn og kaptein H. Risnes)
Kl. 0730 den 23. januar 1943 marsjerte kommandotroppane opp på kaien i Lerwick og blei innskipa på dei fem MTB-ane som skulle setja dei i land i Sagvåg. Ein halv time seinare stod heile styrken til sjøs. Det var nordaustleg frisk bris, overskya og moderat sjø.

alfred13
Full fart mot Sagvåg

alfred 14

Dekningsstyrken (MTB 620, 625 og 631) ventet utenfor Sagvåg til torpedoene fra MTB 626 hadde detonert, så fortsatte de gjennom Digernessundet med 25 knops fart. Før de nådde Eldøy, skjøt et hvitt «Very» lys tilværs inne fra land – de tyske landbatteriene ble varslet. Bjelland-batteriet like vest for Leirvik mønstret 100 mann og fire 10,5 cm kanoner, og det samme var tilfelle for Tittelsnes batteri på den andre siden av fjorden. Begge batteriene hadde god sikt over sjøen i det stille, klare måneskinnet.
Bjelland åpnet ild da styrken dukket frem bak Eldøyane. Før batteriet fikk skutt seg inn, styrte Prebensen (620) og Matland (631) inn på Leirvik havn for å se etter torpedomål, mens Hjellestad (625) fortsatte rundt Midtøy for å legge miner i Langenuen. En mitraljøsepost på Midtøy forsøkte å protestere, men stilnet brått under en svarsalve fra MTB-en der den for forbi.
Kommet halvveis opp i Langenuen, fikk Hjellestad (625) øye på et sydgående handelsfartøy. Etter et øyeblikks betenkningstid valgte han å holde seg til sine ordrer, som var å legge miner. Han stoppet kloss av Træneset til handelsfartøyet hadde passert, startet så motorene igjen og hadde kl.0100 sperret leia med miner ved Klubben og Fjæreflu.
Prebensen (620) og Matland (631) fant ingen mål på Leirvik havn og skilte lag. Matland (631) stod ut fjorden for å dekke Sagvågstyrken fra syd, Pedersen (620) ut i Langenuen for å bevokte den.
Batteriene på Bjelland og Tittelsnes åpnet opp for fullt da Matland (631) kom tilsyne ved Sponvikneset. Kanonene på MTB 631 ga Bjelland det glatte lag og stanset motstanden derfra, men Tittelsnes lå godt an med sine salver. Flere nedslag detonerte så kloss i at skroget sannsynligvis fikk skader av eksplosjonstrykket. For full fart kom MTB 631 i le av Nautøy og la seg i bevoktning der.
I mellomtiden dro Prebensen (620) nordover, sendte en salve mot mitraljøseposten på Midtøy, og la seg på bevoktning utenfor Grovelholmen i Langenuen. Handelsskipet som Hjellestad hadde latt passere, seilte nå inn i Prebensens (620) torpedosikte i en avstand av 250 yards (228m). Begge torpedoene gikk, men den ene styrte for dypt, den annen passerte like under hekken på handelsfartøyet. Der om bord gikk alarmen, en signallampe blinket, Prebensen (620) hørte rop, og så ga handelsfartøyet ild først med en luftvernkanon akterut, så med et tilsvarende våpen på bakken. Prebensen hadde først tenkt å sprenge fartøyet med synkeminer, men nå ga han ordre om å åpne med alt de hadde. Handelskipets vannlinje ble pepret fra for til akter, kanonene tidde og det begynte å brenne i aktre rom og på broen. Det krenget til styrbord og trakk seg bort på ujevn kurs, holdt på å grunnstøte på Lerflu, men klarte å komme seg i dekning rundt Midtøy.
Flere prosjektiler hadde slått inn i maskinrommet på MTB 631 og stoppet den ene motoren, men skaden var ikke større enn at maskinbesetningen fikk den i gang igjen på kort tid. Prebensen (620) tok nå kontakt med Hjellestad (625) lenger nord, og begge MTB.ene dro sydover.
Røde og hvite lysgranater skjøt til værs idet MTB-ene passere Sponvikneset. Bjelland og Tittelsnes ga ild idet MTB-ene satte full fart og svarte med sine kanoner. Prosjektilene fra Tittelsnes slo ned ubehagelig nær skutesiden, men batteriet klarte ikke å få inn det avgjørende direkte treff. I løpet av minutter var begge to dekket inne i Digernessundet, slakket på farten og forente seg med Matland utenfor Sagvåg.
I forbifarten hadde Prebensen notert seg at handelsskipet – det tyske ds Ilse M Russ – var kjørt på land ved Kjøtteigen, og at det fremdeles steg opp røyk fra det.
Avledningstyrken
Etter å ha forlatt hovedstyrken kl 2250, styrte avledningsstyrken med MTB 618 og MTB 623 inn mellom Fugløy og Stolmen og vidare mellom Lundøy og Selbjørnsøy inn i Bekkjarviksund, for å se etter tysk bevoktningsbåt. Det var ingen tyske båter på havnen, heller ikke lenger syd i Selbjørnsfjorden.
Neste mål var å engasjere besetningen på Marsteinen. MTB-ene dro derfor tilbake forbi Bekkjarvik, over Møkstrafjorden og kloss i land langs vestsiden av Store Kalsøy. Kl. 0225 og for sakte fart forandret MTB 618 og MTB 623 kurs i en bue for å komme i le av Lille Marsteinen. Ti minutter senere, like før Lille Marsteinen skjulte MTB-ene, fikk tyskerne se dem og ga øyeblikkelig ild med sine maskinkanoner og mitraljøser.
MTB 618 svarte øyeblikkelig, men om bord i 623 kilte både topunderen og Oerlikonkanonen seg fast i det kritiske øyeblikk. Herlofsen måtte foreta en liten ekstramanøver til babord for å komme i riktig posisjon aktenfor 618, så så hardt styrbord, og etter to minutter var Oerlikonkanonen i gang igjen.
I femten minutter strømmet sporlyskulene i begge retninger, der MTB-ene trakk seg i en bue mot vest 6-700 yards syd av Marsteinen. Andersen observerte minst fire direkte treff, i de tyske kanonstillingene, men treffene i selve fyret var uten virkning. Tyskerne på sin side konsentrerte ilden mot MTB 618 og oppnådde to treff under vannlinjen og to i skutesiden samtidig som båten ble gjennomhullet av mitraljøsekuler.
KL. 0240 var en tysk minesveiper ut Lærøyosen med fri sikt mot Marsteinen og åpnet ild uten å vite eksakt hvor MTB-ene var.
Kl. 0300 forsvant begge MTB-ene til havs med 27 knops fart. MTB 618 hadde to sårede og MTB 623 en, men alle kunne fortsette tjenesten om bord.
Retretten fra Sagvåg
Kl.0315 var major Fynn og kaptein Risnes ferdig med deres del av oppdraget. Litlabø gruver og kaien i Sagvåg var påført store skader. Tre tyske soldater var tatt til fange, to var drept, åtte etterlatt såret, og resten var flyktet. Troppene gikk straks om bord. Utenfor Sagvåg ble troppene fordelt til dekningsstyrken og fartøyene styrte nordover Nyleia og til sjøs.
Da det lysnet, var det frisk bris og moderat sjø. Kl. 0900 dukket et tysk fly opp i horisonten. I halvannen time sirklet flyet rundt før det bestemte seg for angrep. Flygeren valgte MTB 631 som mål, og stupte plutselig ned mot MTB-en og åpnet ild med mitraljøsene. Skytteren ved styrbord Vickers svarte med en velrettet salve, flyet veltet over, eksploderte og falt i sjøen aktenfor MTB 625. LT. Hjellestad tørnet rundt i håp om å redde flygeren, men har var ikke å finne.
Lenger vest frisknet vinden til stiv kuling og sjøen gikk grov. Kl. 1530 fikk man Shetland i sikte. MTB 626 og MTB 627 fortøyde i Lerwick kl.1615, og to timer senere nådde de tre siste MTB-ene inn, sinket av motorskadene om bord i MTB 620.
Dramatikk på Florø hamn
I vestlig bris med lett dønning sto styrken med MTB 619 og MTB 631 ut fra Lerwick kl. 1210 den 12. mars 1943. Kl. 2320 styrte den inn mot Batalden og Litle Batalden og trengte inn i skjærgården sydvest av Langøy. Det var overskyet med hyppige snøbyger, tett mørke og svært vanskelig å lete seg fram i farvannets trange og urene sund. Begge MTB-ene berørte grunn i sundet syd av Langøy, men ingen fikk nevneverdig skade. Kl.0150 hvilte besetningen ut langs berget på det nordvestre hjørne av Skorpa.

alfred 14
MTB 619 og MTB 631 kamuflert på nordvestspissen av Skorpa

Ved daggry den 13. mars ble båtene kamuflert. De to skipssjefene rekognoserte innover øya og fant et punkt som ga fin utsikt over ankerplassen i Botnavågen ved Florø. Et par handelsskip med eskorte passerte i løpet av dagen, og litt flyaktivitet ble observert. Natten var stille.

alfred 16
Mannskapet ved en kamuflert MTB 631. Alfred til venstre på bilde

Søndag 14. mars festet observatørene oppmerksomheten ved en jager og en armert tråler som kom nordfra mot Florø. Jageren fortøyde ved kai i Florø kl. 15.15, og en halv time senere ankret en nordgående konvoi i Botnavågen. Konvoien besto av tre handelsskip på fra 3000 til 10.000 tonn, eskortert av en armert tråler. Kl. 1845 gikk også et sydgående handelsskip til ankers for natten. Jageren og tråleren forlot kort etter Florø og forsvant sydover.
Herlofsen på MTB 619 og Matland på MTB 631 noterte seg omhyggelig ankerliggernes posisjoner og besluttet å gå til angrep så snart det ble mørkt. Værvarselet for kvelden var gunstig, men neste dag var en meldt dårligere vær. Kamuflasjen ble rigget ned, og alle mann gikk til «klart skip».
Kl. 2115 navigerte styrken seg gjennom det trange farvannet mellom Skorpa og Vadsø lykt, og over Hellefjorden til sydspissen av Nærøyane, derfra på skrå over skipsleden mot Årebrot lykt idet minelasten gikk i sjøen. Begge lyktene var tent og til stor hjelp i navigasjonen, for det satte inn med hyppige sluddbyger, og månen var skjult.
Kl.2210 var minesperringen etablert med 76 miner i fire rader. For lyddempede motorer fortsatte styrken mot ankerplassen, styrte nord av Risøy og Risøyskjer, øst av Naustholmen, over Breivik og inn i sundet like ved målet.

alfred 19

Idet MTB 619 rundet neset, fikk lt. Herlofsen plutselig se et oppankret handelsskip som ikke hadde vært synlig fra utkikksplassen på Skorpa. Avstanden var bare 500 meter, men torpedomannskapene sto klar. Herlofsen lot MTB 619 gli enda nærmere målet noen minutter, så lot han kl.2250 begge torpedoene gå. Nattestillheten revnet av to kraftige detonasjoner, en midtskips og en i akterskipet. To vannsøyler skjøt til værs og dynket begge MTB-ene i det de falt sammen. Herlofsen slo akterover for å la MTB 631 passere – det var for trangt til å snu.
MTB 631 gled forbi videre inn mot ankerplassen. Lt. Matland fikk et 3000 tonns handelsskip i torpedosiktet og lot begge torpedoene gå i en avstand av ca. 800 meter. Idet han ga babord ror for å komme rundt og ut igjen, detonerte den ene torpedoen midtskips i handelsskipet, den andre strøk forbi og endte med et brak i land. Matland registrerte i forbifarten at Herlofsens ankerligger brakk midtskips og var på veg ned, og at en av hans egne torpedoer hadde satt et eller annet i brann i mørket akterut.
Men nå hadde skipssjefene mer enn nok med å konsentrere seg om retretten. Matland styrte tilbake gjennom det trange sundet og fikk øye på skyggen av MTB 619. Herlofsen holdt ennå på å snu. Matland slo stopp og ventet, så satte han farten opp for å komme på plass i lederbåten sitt kjølvann. Det var da det skjedde. MTB 631 kjøre seg hardt opp på skjæret syd av Naustholmen, fikk bunnen slått inn og krenget til babord. Matland ga full fart akterover, men båten rikket seg ikke.
MTB 619 var forsvunnet i mørket, men Herlofsen hold utkikk akterover for å være sikkker på at MTB 631 fulgte etter. Plutselig blinket nødsignalet akterut – det ble gjentatt – og Herlofsen svarte. Han tørnet øyeblikkelig rundt og lå i løpet av minutter ved havaristen og fikk sleper gjort fast. To ganger forsøkte han å slepe MTB 631 av, men uten hell. Om bord i MTB 631 var det travel aktivitet. Alle hemmelige papirer ble ødelagt, kisten med konfidensielle bøker gikk over bord, og hele båte ble dynket med bensin. MTB 619 lå med baugen inntil, klar til å ta imot Matland og folkene hans med det samme vraket ville ta fyr. Flere «Very»-patroner ble skutt ned i tankrommet akter, men flybensinen ble ikke antent.
Etter ti minutter fant Herlofsen det høyst påkrevet å komme seg vekk fortest mulig. Bare noen kabellengder borte var det full alarm på ankerplassen etter torpederingene, og i retning Florø kunne man se at et fartøy var underveis for å undersøke. Herlofsen beordret alle mann om bord til seg.
De bakket ut, vendte, og lot Oerilikonkanonen gjennomhulle MTB 631 fra for til akter. Men vraket ville ikke ta fyr.
For full fart forsvant MTB 619 opp Hellefjorden, hadde Batalden tvers ved midnatt og stakk baugen ut i grovt hav en halv time senere. Banjere og messer var fylt til trengsel, det var 68 personer om bord.
Nordsjøen ble hard med vindstyrke 7 økende til styrke 9 fra sydvest. MTB 619 kjempet seg vestover gjennom sjørokk og skavlende sjøer, mange langskipsspant knakk, huden ble trykket inn flere steder, og dekksstøttene på banjeren knakk. Besetningen arbeidet for livet med improviserte reparasjoner, men da man etter bestikket skulle være opp under Shetland om foremiddagen den 15. mars, var skroget så svakt at Herlofsen ikke våget å holde den opprinnelige kursen. Shetland skulle vært i sikte kl. 1100, men tre timer senere var det ingen tegn til land. Samtidig ble sjøen så svær at Herlofsen mente Shetland var passert, og at det uendelige Atlanterhav lå forut. Kurs ble forandret til sydøst, med så vidt styrefart på en motor. Kl. 2100 ble drivanker med oljeposer satt, og slik lå MTB 619 på været hele natten i full storm med grov, skavlende sjø.
Tirsdag 16. mars løyet vinden hurtig fra morgenen av. Kl. 0600 ble kurs satt sydover for sakte fart på to motorer. To timer senere ble MTB 619 observert av to Spitfirefly som anga riktig kurs. Kl. 1200 dukket MTB 618 opp for å assistere om nødvendig, men MTB 619 klarte for egen maskin å nå Lerwick der folkene ble satt i land kl. 1330.
Tapet av MTB 631 ble uten bebreidelser av noen art godtatt på høyeste hold som den pris man måtte betale for et djervt og besluttsomt angrep. Admiral Wells var tilfreds med at lt. Matland og hans erfarne besetning var i god behold og klar til ny innsats. Allerede 22. mars heiste Matland kommando på en ny båt, MTB 653, som uten videre var stilt til norsk disposisjon av den britiske marine.

alfred 20
MTB 631 under tysk slep inn til Florø
alfred 22
MTB 631 i tysk varetekt, og på slipp i Florø

Mannskapa på MTB-ane hadde ofte kontakt med lokalbefolkninga når dei låg kamuflerte ved kysten. Slik var det og ved denne operasjonen. Lokale fiskarar slo gjerne av ein prat, og fekk mat og sigarettar av mannskapa. I dette tilfellet fekk dei og overlevert brev som skulle postast når dei kom fram til Shetland. Brevet og bøker med namn i fann tyskarane om bord i MTB 631 i ettertid. Det resulterte i arrestasjonar av fleire menn i Batalden. Ein av dei, Jens Buarøy vart arrestert av Gestapo og send i konsentrasjonsleir i Tyskland og døydde der. Etter reparasjonar blei MTB-en frå desember 1943 sett inn i tysk teneste. Tyskarane fann og eit brev frå kong Håkon, der han takka for juletreet han fekk til jula 1942.
Operasjonen på Florø hamn, resulterte i at d/s Optima på 1249 tonn, lasta med stykkgods for Nord-Norge, var senka og tre mann var drepne. Eit anna fartøy var skadd.
Flora historielag si årsskrift frå 2012 skal ha ein artikkel om denne hendinga, der dei har skrive om senkinga av det tyske lasteskipet D/S Optima på Flora hamn i 1943, og følgjene dette fekk, eksempelvis kva som skjedde etter at MTB 631 gjekk på grunn under dette angrepet.

Om bord i MTB 653
MTB 653 var av same typen som den dei mista i Florø, og kom under norsk kommando 22. mars 1943, og var kampklar frå 8. april same året. Båten var bygd ved verftet «Alex Robertson & Sons. Ltd. Sandbank, Scotland».
Vernepliktsboka til Alfred viser at han sto om bord i MTB 653 fram til han mønstra av den 27. oktober 1943.

alfred 25
MTB 653
alfred 26
MTB Fairmile D-klasse, kalt det «ildsprutende helvete»

Operasjon Carey mislykkes
Søndag 11. april dro MTB-ene 627, 620, 653, 625 og 80 kommandosoldater ut fra Lerwick retning Frøysjøen i Bremanger. Målet med operasjonen var minelegging, torpedering av tysk tonnasje ved ankerplass i Nordfjord, og commandoangrep på Tangane batteri ved Rugsund. Hver båt hadde 20 soldater om bord.
Været var perfekt med sw bris, overskyet og god sikt. Kl. 1800 fikk MTB 625 motorstopp, men kom i gang igjen en time senere, og formasjonen fortsatte. Kl. 0115 fikk man landkjenning ved Batalden. Lt. Tamber fant at det var for mye måneskinn til å fortsette opp Frøysjøen. Han beordret derfor kamuflasje ved Skorpa. Under innseilingen fikk MTB 620 skade på en propell.
Kl. 0400 straks styrken hadde fortøyet, kom en fisker om bord og opplyste Tamber om at det var farlig å ligge der. Etter angrepet på Florø holdt tyskerne konstant overvåkning av distriktet med jagere, fly og hurtiggående båter.
Det var for sent å trekke seg ut. Kl. 0600 ble der etablert utkikk mot Florø, men den så ikke tegn til skipsfart, eskortefartøyer eller patruljebåter i farvannet. Kl. 1530 kom en annen fisker om bord som kunne fortelle at Marøy var under oppsikt av tyskerne og at Gulen, ikke Nordfjord, var tyskernes hovedankerplass i distriktet. Han hadde sett opptil 18 skip ligge der.
I løpet av dagen ble MTB-ene sett av mange fiskere, og det ble bestemt at styrken skulle forlate kamuflasjestedet. Den opprinnelige ordren kunne ikke gjennomføres, og det ble besluttet å gjøre vendereise til Shetland. De ankom Lerwick kl.2045 den 14. april. Operasjon Carey hadde vært mislykket på alle punkter og verre skulle det bli.

Om formiddagen den 15. april drev besetningen på MTB 625 med rengjøring og oppskvær etter toktet til Norge. En av mannskapet arbeidet med noen fastkilte detonatorer på en mine, da denne eksploderte. Styrbord akterskip ble knust og der oppsto brann. To av mannskapet ble drept, og båten ble så vidt holdt flytende til den ble satt på slipp.

Bomskudd mot en tysk jager
Kl. 1250 den 28. april 1943, forlot MTB 620 og MTB 653 Lerwick i frisk bris med moderat sjø, overskyet vær med meget god sikt. Kl. 0050 den 29. april fikk man kjenning med land, og trengte inn i Frøysjøen syd av Aldeflu og fortøyde i Ytre Hovdevåg. Utkikkspost ble etablert for å holde øye med leden øst for Hovden.

alfred 30

Kl. 0900 anløp den lokale postbåten «Sendingen» Indre Hovdevåg. Mannskapet på båten og lokalbefolkningen ble forhørt om situasjonen i distriktet.
Neste dag 30. april kl. 0800, iakttok man en flotilje på 12 armerte hurtiggående båter styre nordover fra Florø. I løpet av formiddagen rekognoserte de rundt Hovden, ti på vestsiden og to på østsiden. Kl. 1230 kom tre krigsfartøyer nordover. Den ene returnerte ned Frøysjøen kort etter og dukket et par timer senere opp igjen som eskorte for et nordgående handelsskip.
Kl. 1630 ble sjefen informert om at en Gestapo-båt var ventet inn til Indre Hovdevåg, men båten passerte sønnenom.
Kl. 1730 kom tre tyske jagere sydover. Alle forsvant i sydlig retning, men halvannen time senere returnerte den ene og ankret nord av Hovden og sydvest av Kalvåg. Deretter fulgte et par timers livlig flyaktivitet utover ettermiddagen.
MTB-besetningen hadde vært i spent beredskap flere ganger i løpet av dagen. Kamuflasjen over båten hadde ikke de riktige fargetonene i forhold til landskapet rundt.
Sjefen lt. Tamber forsto av den store patruljevirksomheten at en konvoi var ventet i farvannet i løpet av natten. Han var samtidig klar over at muligheten for et vellykket angrep var små med bare to MTB-er, og med flere overlegne fartøyer i nærheten. Han besluttet derfor å angripe jageren først.
En time senere lettet jageren anker, og sto for sakte fart sydover vest av Hovden, passerte rundt og kom nordover igjen på østsiden.
Kl. 0110 meldte utkikken at jageren var underveis sydover og passerte skjulestedet i 300-400 meters avstand, men kom en halv time nordover igjen med en fart av ca. 5 knop. Motorene ble startet, og MTB-ene gled ut av Ytre Hovdevåg kl. 0145 på enkel kolonne.
Fem minutter senere gikk MTB 620 til angrep. Begge torpedoene skjøt ut mot jageren som intetanende lå på nordlig kurs i en avstand av ca. 1000 yards. Noen sekunder gikk, så måtte mannskapet konstatere at begge torpedoene bommet på målet.
MTB 653 gikk i angrepsposisjon. Matland fyrte av begge torpedoene i en avstand av 6-700 yards, men Matland var like uheldig. Kort etter hørte man to eksplosjoner i fjæresteinene nord på Frøya.
Jageren var nå alarmert. En lyskaster ble tent et øyeblikk, Matland trodde han så en eksplosjon om bord fulgt av gnister og røyk, men jageren hadde skjult seg i kunstig røyk. Nå var det bare en ting å gjøre – å komme seg til havs.
Kl. 0200 var Batalden tvers. De oppdaget at MTB-ene ble forfulgt av jageren. Kl. 0430, da den lå ca. 4 n.m. akterut, åpnet den ild, men nedslagene lå langt unna. MTB 620 la ut røykskjerm, og jageren oppga forfølgelsen.
KL. 1130 den 1. mai fortøyde styrken i Lerwick.
Alfred har fortalt om denne hendinga, og den sto og å lese i Bjørn Lunde si avis «Månedsrevyen» i 1985. Han har heile tida hevda at MTB 653 trefte med torpedoane, og at jagaren gjekk til botns. Alfred hadde plass i kanontårnet framføre brua, og fekk med seg det som skjedde på kommandoplassen. Dette var Alfred sine ord til avisa:

-Matland telte ned – 1200 yards – 1000 – 800 – 600 – fyr, ropte han, og begge torpedoane for ut av torpedorøra. Før torpedoane nådde måla sine, blei vi oppdaga av den tyske jagaren, som starta å skyta. Vi fyrte laus med det vi hadde, heilt til det blei eit frykteleg smell i det torpedoen bora seg inn i skipssida på jagaren og eksploderte. Jagaren knakk saman på midten, og på under halvminuttet var den forsvunne i djupet. Den engelske offiseren om bord rekte handa til Matland og utbraut: «WELL DONE.

Redningssøk etter kommandosoldater
En gruppe engelske kommandosoldater ble ført over til Norge, og ved hjelp av kajakker tok de seg inn på havnen i Koparvik og festet sprengladninger på en minesveiper. Sprengstoffet eksploderte, og minesveiperen sank. Soldatene skulle plukkes opp ved Urter. Av en eller annen grunn ble de gående noen dager uten å bli hentet. Tyskerne ble oppmerksom på gruppen, og den 15. mai ble de tatt til fange og ført til Grini.
Den 17. mai på ettermiddagen gikk MTB 620, 626 og 653 til sjøs mot den avtalte møteplassen. Kl. 0100 den 18. mai fikk de landkjenning vest av Utsira. MTB 620 og 653 lå bi, mens MTB 626 gikk inn mot skjulestedet, men fikk ikke svar. Han fortsatte rundt nordsiden av øya, med samme negative resultat. Kl. 0250 sluttet han seg til de andre, og alle tre sto vestover.
Det ble gjennomført fleire redningssøk etter de savnede soldatene. Lt. Matland og MTB 653 ble den 3. juni sendt over i et siste forsøk på å finne de savnede soldatene. Kl. 0142 lå Urter kloss i babord tvers. Matland begynte å blinke med lampene uten å få respons. Matland og MTB 653 returnerte og fortøyde i Lerwick ved middagstid den 4. juni.
Den 7. juli mottok den britiske etterretningstjenesten rapport fra militærattasjeen i Stockholm at en lt. Godwin og seks mann, var tatt til fange og satt på Grini.
MTB 345
Med tanke på sommeroperasjoner i Norge, overtok flotiljen i mars en 55 fots motortorpedobåt – MTB 345. Den 6. mai ankom den Lerwick, og i begynnelsen av juni var båten krigsklar.
En betingelse for at MTB 345 skulle kunne operere i norskeleden, var at den ble etterforsynt med bensin og proviant.
Kl. 1300 den 9. juni 1943, gikk MTB 345 og MTB 653 ut fra Lerwick med kurs for Utvær fyr i Solund. MTB 653 var lastet med 600 gallons bensin i kanner og seks kasser proviant. Det var tykk tåke, som om kvelden reduserte sikten til 100 meter. Kl. 2045 mistet båtene kontakt med hverandre, men avtalen var at MTB 345 skulle ta seg inn til Olderøy i Ytre Sula og vente på forsyninger der.
I ettiden den 10. juni skulle MTB 653 etter bestikket være 5 nautiske mil fra land. Matland slo stopp i maskinen flere ganger og lyttet for å høre om sjøen brøt mot land noen steder, men forgjeves. I firetiden lettet tåken plutselig. MTB 653 hadde land på begge sider og to nautiske mil rett forut lå Geita fyr. Der visste Matland at tyskerne hadde postert en vaktpost, som i den lyse sommermorgenen ikke kunne unngå å få øye på MTB-en. Matland tørnet rundt og satte kurs tilbake mot Shetland for å vende tilbake neste natt.
MTB 345 hadde i mellomtiden, nærmet seg land med 8 knops fart, og fikk landkjenning i totiden sydvest av Utvær fyr. Kl. 0330 fortøyde ved en holme like sør for Storenova. Litt over midnatt den 11. juni fortsatte de og kamuflerte i den avtalte viken på sydvest-siden av Olderøy.
MTB 653 gikk samme dag ut igjen fra Lerwick, og var ved midnatt 3 nautisk mil nord for Utvær. MTB-en ble observert av flere fiskefartøyer under innseilingen, og kom seg inn i viken på Olderøy. Der ventet MTB 345, som fikk bensin og proviant.
Kl. 0150 var arbeidet ferdig, og Matland forlot øyeblikkelig skjulestedet og stakk til havs og over til Shetland.
MTB 345 oppholdt seg i skjærgården i flere døgn uten at noe av interesse kom i torpedosiktet. MTB 345 returnerte deretter til Shetland og ankom Lerwick den 23. juni.
I slutten av juli var MTB 345 på eit nytt oppdrag i skjergarden. Mangelfulle depot for bensin gjorde at dei ikkje hadde nok drivstoff til å ta seg tilbake til Shetland. Ved Ospa i Solund blei MTB 345 oppdaga og mannskapet tatt av tyskarane. Mannskapet blei førte til Ulven leir og henretta. Det er reist ein bauta ved Ulven leir etter dei falne soldatane.
På leting etter passasjerer
Agentene på vestlandet hadde radiokontakt med London, og ga beskjed når enten de selv eller andre trengte skipsleilighet tilbake til Shetland. Matland fikk ordre om å hente folk i Djupevåg på Skorpa utenfor Florø.
MTB 625 og MTB 653 forlot Lerwick den 7. oktober 1943 kl. 1100. Like før styrken skulle ta land ved Batalden, fikk MTB 625 motorskade. Båtene skilte lag. Matland fikk Batalden i sikte kl. 2200 og fortøyde i Djupevågen kl. 0030. Folkene ventet på ham og tok seg om bord. Først etter halvannen time, kunne han kaste loss og ta seg ut igjen. Vinden var i mellomtiden frisknet betraktelig fra sydvest. Det ble en lang reise i tung motsjø og vindkast opp mot storms styrke, men Matland avpasset farten og nådde i god behold tilbake til Lerwick kl. 2030 den 8. oktober.
Avmønstring
I følge vernepliktsboka til Alfred mønstra han av MTB 653 den 27. oktober 1943. MTB-ane på Shetland held fram med sine operasjonar heilt fram til maidagane 1945.
Høgt spenningsnivå over lengre tid, dårleg vær i Nordsjøen, var belastande på mannskapa på MTB-ane, og var grunnen til at mange etter kvart fekk avløysing. Alfred hadde mange spennande historiar om MTB-livet som han ofte fortalde om. I materialet etter Alfred er det eit silketørkle som dei bar på seg. Silketørkleet har påtrykt kartet over Sør-Norge. Dette skulle dei bruke dersom dei til dømes kom vekk frå båten, når dei låg i dekning og dei var utkikk på fjelltoppane rundt. Alfred fortalte at ein dag han låg på vakt på ein topp, og speida mot dei snødekte fjella innafor kysten, kom det på han ei slik heimlengsel at han vurderte å stikke av og reise heim.
Alfred opplevde sterkt samhald mannskapa seg imellom, og mellom nordmennen og lokalbefolkninga på Shetland. Der lærte han å spele mandolin av den lokale presten, som ofte var ute på puben og drakk øl med mannskapet.

Signalskule og ordonans

M.S.P.E – Port Edgar
I perioden mellom MTB-tenesta på Shetland og tenesta om bord i minesveiparen Oksøy, gjekk Alfred på signalmannkurs og han var ei tid ordonans ved Skegness. I vernepliktsboka er det tenestestadane ført inn med forkortingar.

31

I følgje vernepliktsboka var Alfred i perioden 27. oktober til 13. desember 1943, ved M.S.P.E. som var marinestasjonen Port Edgar ved Edinburgh.
Port Edgar var hovud-depot for marinen sine fartøy som var stasjonert på austkysten av Storbritannia. Her var det intendantur, skipstilsyn, depotavdeling med kaserne, stasjonslege, Marinens mannskapsdepotavdeling ”Rhynd House”, radioskule, signalskule, depotskipet Heimdal og fleire våpen- og utstyrsdepot. Port Edgar hadde i tillegg ansvar for utdanninga av blant anna offiserar frå handelsfartøya som blei rekruttert som offiserar i Marinen.
I vernepliktsboka står han oppført som kokk ved denne tenesta.
Mil. kurs: Signalkurs 7.1.-1.5.1942.
M.D.D. – Marinens depot Devonport, Plymouth (13. des. 1943 – 16. mai 1944).

Skyttarane i marinen som skulle om bord som skyttarar i handelsflåten, fekk skytetreninga si ved marinebasen i Devonport. Fleire av signalmennene i marinen gjekk signalkursa sine på denne basen. Det kan derfor tenkast at Alfred gjekk på signalkurset sitt her, sjølv om han er oppført som kokk i vernepliktsboka si.
Ordonans ved Skegness – 20. juni 1944 til 25. september 1944.
Alfred begynte etter kvart å bli kjent i England og på dei ulike marinebasane. Ein periode var han ordonans ved marinebasen Royal Arthur ved Skegness. Ei av oppgåvene han hadde, var å følgje mannskapa mellom ulike basar, og å ta seg av nye folk.
Ei historie han fortalde var om ei gruppe han hadde fått i oppdrag å innkvartere på basen. Etter at dei hadde installert seg, var Alfred innom rommet. Ein av karane, Johannes Matre, hadde hengt opp bilete av kjærasten sin som Alfred kjente att. Det var Alida, ei nabojente frå Lysefjorden. Alfred fekk høyre nytt heimanfrå, som var eit kjekt lyspunkt i kvardagen.
Det var heller ikkje lett å gje livsteikn frå seg til dei heime. På ein rekognoseringstur med MTB-en blei dei liggjande kamuflerte på kysten av Sunnhordland, og han og nokre av mannskapa kledde seg ut som fiskarar og tok seg inn til ein av tettstadane. Der fekk han sendt eit kort heim. Der det stod:

Alt vel. Far er gått i land.
Helsing
Bumann

I september 1944 var han i London og møtte Reidar Korsvold (som seinare blei svogeren hans). Dei hadde overnatta på eit hotell og stod og såg ut vindauget, då ein V2 – rakett for framom og eksploderte nokre kvartal borte. V2-rakettten var ein nyutvikla tysk rakett, som seinare skulle bli malen for både amerikanske og sovjetiske romfartsrakettar.
Lauritz, far til Alfred, hadde frå 30. november 1942, fått arbeid som kokk ved Norway House i Edinburgh. Her stakk Alfred innom når han hadde permisjon i tida på Shetland og når han hadde landteneste.
Alfred blei spesielt godt kjend med den engelske familien Harvey i denne tida. Han hadde møtt sjømannen og motormannen Arvid Lindgren som hadde fått seg kjæraste i England. Alfred blei invitert heim til denne familien som han etter kvart fekk eit nært forhold til, og spesielt til eine dottera, Audrey. Arvid og kjærasten Joan, blei gifte, og busette seg i Bergen. Vennskapet mellom Alfred og denne familien heldt seg livet ut. Ei anna dotter Pat blei og gift med ein nordmann. Dei busette seg i Samnanger.
Under krigen møtte Alfred den sagnomspunne mannen Johannes Sigfred Andersen, alias «Gulosten».
Gulosten var skyttar på MTB-ane, men hadde ei brokete fortid, oppvaksen på barneheim, brennevinssmugling, motstandsarbeid, fangeleir i Tyskland og drap på mannen som anga han til Gestapo. Etter frigjeringa i 1945, skaut han to tyskarar som hemn for at kona vart drepen av Gestapo i 1944. Han hadde tidlegare under krigen møtt kong Håkon og dronning Maud, og dei held handa si over han, slik at han ikkje blei straffa. Det er gitt ut bøker og laga film om «Gulosten».

33
Skurk, krigshelt, drapsmann og kongevenn

I samband med 50 -årsjubileet for frigjeringa av Finnmark i 1994, fortalde Alfred til Anne-Magrethe Matre Hjemdal i Os- og Fusaposten at han etter planen skulle reise til Skottland hausten 1944, og stasjonerast om bord i ein minesveipar etter søknad om lettare teneste. På vegen dit fekk han kontraordre, og vart i staden send til Scapa Flow på Orknøyane og om bord i ein minesveipar der. Dei skulle patruljera i Nordsjøen, men blei send nordover til Island og inn i ein stor konvoi som skulle til Murmansk.

Konvoiteneste og minesveiping i Finnmark

30. oktober 1944 blei «Marinens avdeling, Scapa Flow» oppretta med kontor i Lyness, Orknøyene. Den norske marinen stasjonerte fire minesveiparar her. Den 30. november gjekk «Tromøy», «Jeløy» og «Karmøy» til Nord-Norge, der det blei oppretta ein avdeling i Kirkenes kalt «Minesveipardivisjonen Nord – Norge». 25. februar 1945 kom den fjerde minesveiparen «Oksøy» dit.
Alfred tenestegjorde i følgje han sjølv på både «Jeløy» og «Oksøy», men i vernepliktsboka står det oppført at han mønstra på Oksøy, 2. februar 1945.
I samband med 60-årsmarkeringa av slutten på 2. verdskrigen, blei Alfred dekorert med ein minnemedalje av den russiske staten, og der Os og Fusaposten gjorde eit intervju med Alfred laurdag 7. mai 2005.
Onsdag 4. mai vart Alfred Sperrevik frå Lysefjorden dekorert av den russiske staten med ein minnemedalje for 60-årsjubileet for slutten på Den store fedrelandskrigen, som russarane kallar 2. verdskrigen. Alfred var ein av fleire nordmenn som kjempa side om side med sovjetsoldatane mot tyskarane i nordområda. – Vi var allierte med russarane, og dei gjorde ein fantastisk jobb med å nedkjempa tyskarane på Austfronten, seier Alfred, som sjølv var med på ein konvoi med krigsmateriell og forsyningar frå Storbritannia til Murmansk etter at russarane hadde drive tyskarane bort frå Litsafronten ved Murmansk og ut av Kirkenes.
Konvoifart til Murmansk
Alfred hadde tidlegare i krigen vore i MTB-teneste og hatt landteneste i Edinburgh. – Etter at russarane gjekk over grensa og inn i Nord-Noreg 28. oktober 1944, vart eg kommandert til mannskap på ein minesveipar som skulle gå som eskorte for ein konvoi til Murmansk. Det omkom fem mann då minesveiparen «Tønsberg Kastell» vart torpedert under ein tidlegare konvoi. Til erstatning vart det utkommandert ein ny minesveipar som heitte «Oksøy», der bl.a. eg skulle vera mannskap. Vi gjekk først nordover til Færøyane, der eg var så heldig å få kjøpt ein tjukk genser. Den kom svært godt med då vi kom nordover, for vi hadde berre tropeustyr utlevert. Det var ekstremt kaldt i veret i nord. Riktig jævlig. Vatnet var livsfarleg kaldt, og den som datt uti var død i løpet av berre nokre minutt pga. kulda.

 I Torshavn fekk vi melding over radio om å stikka til sjøs for å slutta oss til konvoien på eit avtalt punkt, og det gjorde vi. Vi vart plasserte i konvoien på styrbord side av Commander of the Fleet, og fekk beskjed om å liggja nøyaktig på høgd med eit større skip som gjekk lengre inne i konvoien. «Oksøy» fungerte som levande skjold. Ein slik konvoi var ikkje akkurat småtteri, og det var imponerande å sjå båtar så langt synet rakk! Vi kunne sjå tyske fly som gjekk til åtak på konvoien heilt på enden, lang bak i horisonten. Det gjekk ikkje an å høyra noko, men vi kunne sjå røykskyene frå granatane som eksploderte i lufta rundt flya. Plutseleg var det nokon som ropte “Fly forut!”, og så var det vår tur til å vera i kamp. Det tyske flyet kom lågt inn og det vart hektisk skyting, men til slutt klarte vi å skyta det ned. Eg hugsar flåtekommandøren gratulerte oss over radioen.

Murmansk
Nokre dagar før «Oksøy» kom til Murmansk fekk båten vår motorproblem, gjekk ut av eskorten og segla i sakte fart etter konvoien. – Ved innløpet til Murmansk kunne vi sjå mange mindre amerikanske båtar som var blitt køyrde på land for å unngå å bli torpederte av tyske ubåtar som låg verna av minefelt innmed kysten og skaut på båtar som kom inn i Murmanskfjorden. I Murmansk bunkra alle båtar drivstoff, og «Oksøy» gjekk til ein koldepot. – Eg hugsar at det var berre kvinnfolk som arbeidde der, fortel Alfred. – Alt føregjekk for handemakt, og kvinnene køyrde kol til båten med trillebårer. Dei hadde berre filler til klede og såg ut som fangar, kanskje var dei det òg. Dei fekk suppe og brød av oss, og åt som berre det.
Til Kirkenes
Den norske Amerikalinjen sin båt «Idefjord» vart brukt som lastebåt av den norske marinen og hadde følgd med konvoien til Murmansk. «Idefjord» gjekk etter ei stund frå Murmansk til Kirkenes med proviant til dei sovjetiske soldatane og den norske befolkninga der. Kirkenes var brent ned til grunnen av tyskarane, som brukte den brente jords taktikk. I Kirkenes gjekk det 30-40 polarhundar ville rundt, og dei hadde gode tider. Det var mykje kjøt å bita i… – Dei russiske soldatane hadde ikkje tak over hovudet i Kirkenes, minnest Alfred. – Nede i hamneområdet i Kirkenes fann dei kol som dei tente på og varma seg på. Dei sov ute under open himmel, og måtte klara seg som best dei kunne. Vi om bord på minesveiparen hadde mykje moro av å kika på soldatane som dykka nakne ned til ein tysk båt lasta med proviant som hadde blitt køyrd på grunn etter å ha blitt torpedert av russarane. Dei kom opp att med fiskebollar og annan hermetikk som dei åt. Dei var også svært reinslege, og hogg hòl i isen for å vaska seg med isvatn – sjølv om det var berre minustemperaturar! Russen brukte det dei fann, og klarte seg uansett…
Minesveip og torpedering
I Varangerfjorden gjorde «Oksøy» teneste som minesveipar, som var den eigentlege oppgåva. – Vi sveipa fjorden med ei innretning som kutta ankerfestet til minene, som låg under vassoverflata. Når minene flaut opp, skaut vi på dei for å uskadeleggjera dei. Alfred fortel at forholdet til russarane var godt, sjølv om språkbarrieren skilde. Ein av russarane fekk Alfred eit spesielt forhold til, nemleg telegrafisten på eit russisk transportskip – Maria. – Ho var av ein god familie og snakka både russisk, tysk og engelsk. Eg var signalmann om bord på minesveiparen, og vi øvde med kvarandre for å senda meldingar med morsesignal. Fleire gonger under opphaldet i Kirkenes, gjekk det mindre konvoiar tilbake til Murmansk. Nokre skip gjekk tomme, mens andre var lasta med skrapjern etterlate av tyskarane i Kirkenes-området. Alfred var med på fleire slike turar. – Eg hugsar spesielt ein tragisk tur i april månad i 1945. Det var klart for alle at det berre var eit tidsspørsmål før tyskarane hadde tapt krigen. Derfor ante vi fred og liten fare. «Oksøy» gjekk saman med «Idefjord» og eit stort russisk transportskip, følgt av mindre sovjetiske båtar. Det russiske skipet var lasta til ripa med skrapmetall, som skulle hoggast opp og smeltast om til nye våpen i kampen mot tyskarane. Maria var telegrafist på det store russiske skipet, og vi hadde avtalt at vi skulle på dans same kvelden når vi kom til Murmansk. Vi var utanfor Fiskarhalvøya då konvoien vart angripen med torpedoar av ein tysk ubåt som låg inne ved kysten. Eg stod nede i lugaren og barberte meg då det plutseleg small høgt. Eg sprang straks opp på dekk, men då var skipet der Maria var om bord i, alt borte. Det sokk i løpet av få sekund og gjekk ned med mann og mus. Dei einaste vi kunne sjå var fresing i vatnet frå den varme dampmotoren…
Til Os og Fusaposten i 1994 fortalde Alfred og om denne tida.
Fram mot krigsslutt var Sperrevik mange gonger i Murmansk, og den siste turen han gjorde, var når dei skulle eskortere eit engelsk hospitalskip som reiste nordover til Murmansk med frigjevne russiske krigsfangar. Dei vart ikkje godt handsama, etter at dei kom i land på russisk jord.
Til oss fortalde Alfred at nokre av dei russiske krigsfangane blei tatt på land på båre av engelsk helsepersonell. På land var det køyrd fram opne lastebilar, og sovetiske soldatar berre heiv dei skadde opp på lasteplanet, og køyrde dei bort. Sovjetiske soldatar som under krigen, overga seg til fienden, vart fengsla og mange sende til Sibir.
Kom uskadd frå krigen – skadd av freden
For Alfred vart freden den 8. mai 1945 eit minne for livet – både psykisk og fysisk. Det låg seks båtar i hamna i Kirkenes, og nordmennene hadde ordre om å løysa 21 skot som sigerssalutt frå den største kanonen. Det var ein lite misunningsverdig jobb, pga. dei rystande smella. – Ingen ville ha denne “æra”, og det vart trekt lodd om kven som skulle gjera det, fortel den uheldige vinnaren av loddtrekninga: – Dessverre “vann“ eg, og måtte avfyra salutten. Det var eit forferdeleg bråk, som trengde inn i øyregangane når ein stod rett ved sida av storkanonen og løyste skota. Eg har faktisk hatt smerter i øyra sidan den gongen! Men eg har aldri fått behandling for det før no, humrar den no 83 år gamle Alfred.
Norvald Pettersen, som var mannskap på minesveiparen «Jeløy», blei intervjua av Finnmark dagblad 8. mai 2010, og han fortalde dette:
Spiste da freden kom
Norvald Pettersen tjenestegjorde som menig på marinesveiperen «Jeløy» under andre verdenskrig.
Da freden endelig kom, lå båten lå ved kai i Kirkenes, og han og resten av mannskapet var midtveis i et måltid.
– Vi satt og «skaffet», eller spiste som du ville sagt, da nestkommanderende på båten kom ned til oss og fortalte at tyskerne nå også hadde overgitt seg til Sovjet, sier Pettersen.
9. mai
Pettersen forteller at selv om den tyske okkupasjonsmakten allerede hadde kapitulert overfor vestmaktene 8. mai, kom altså ikke freden til Kirkenes før 9. mai, da tyskerne overga seg til Sovjetunionen.
– Nestkommanderende sa at når vi var ferdige, og alt var ryddet og klart, så skulle vi få rom. Altså brennevin. Og da ble det fart i sakene, kan jeg fortelle. Vi heiv omtrent plettene ut av ventilene, forteller Pettersen.
Markerte krigens slutt
Pettersen var da 23 år, og en av de yngste i et mannskap som for det meste besto av hardbarkede hvalfangere.
– Straks vi var ferdige, rapporterte vi til nestkommanderende, som kommenterte noe som: «Svært så kjapt det gikk», og så fikk vi vår rom.
Pettersen forteller at NK skjenkte rommen ærbødig fra en gallon-flaske.
– Jeg ble godt skjenkt, alle ble vi nok det. Og så fant vi ut at vi ville skyte kongesalutten. Vi spurte offiserene, og ingen av dem mente at det var en dårlig idé, sier Pettersen.
Påseilet
Sånn gikk det til at de påseilte sjømennene, beruset på rom og fred, avfyrte 21 skarpe, panserbrytende granater fra «Jeløys» mange 12-pundskanoner inn i et tilfeldig fjellskar langs Varangerfjorden til Kong Håkons ære.
– Det er jo ikke så mange monarkier i verden, så jeg er ganske sikker på at ingen konge noensinne har fått en kraftigere salve. Den gikk til Kong Håkon, og den skjøt vi. Jeg kan fortelle at det gjallet godt i fjorden da vi skjøt, og da vi traff sprutet det stein og gul røyk, forteller Pettersen.
Lite å finne på i nedbrent by
Utover dette var frigjøringen stusslig i Kirkenes, forteller Pettersen, fordi byen var brent ned.
Det var lite å finne på for sjømennene, til og med jenter var vanskelig å finne. Så dagene gikk stille og rolig for seg; disiplinen ble opprettholdt.
Ryddet kysten
Da freden kom, hadde Pettersen hadde vært i Kirkenes siden desember 1944.
Da var «Tromøy», «Jeløy» og «Karmøy» blant de første norske fartøyene som kom hjem til Norge.
De ble stasjonert i Kirkenes og satt inn i minesveiperdivisjonen Nord-Norge, for å rydde kysten etter at tyskerne trakk seg stadig lenger sørover.
– Mange gikk til grunne
Pettersen sier at han var heldig som var såpass ung: Han hadde ikke vett til å ta krigen inn over seg slik som mange av de eldre sjømennene, mener han.
Mange eldre, barske sjøfolk gikk til grunne forteller han, men han klarte seg fint.
Unikt rallarmiljø
Etter krigen for han til sjøs noen år, men kom etter hvert tilbake til Kirkenes, i 1953. Pettersen, som opprinnelig er fra Harstad, forteller at han hadde fått smaken på det unike rallarmiljøet i Kirkenes.
– Det var spesielt. Alle var like, og alle snakket med alle, sier Pettersen, som videre forteller at han fikk godt betalt jobb på taubåt og fikk mer og mer å gjøre med ei Kirkenes-jente som etter hvert ble kona hans.

Krigsslutt og dimittering

Til Os og Fusaposten fortalde Alfred dette:
Utpå sommaren 1945 gjekk «Oksøy» sørover til Nordland og deltok i avvæpninga av tyske soldatar på øyane i Lofoten og langs kysten. Der fekk Alfred kjøpt ein fiskebåt for 800 kroner, og dimitterte frå marinen. – Planen var å begynna som fiskar, men eg måtte sørover for å finna mannskap. Då eg var heime i Søvik, fekk eg eit telegram som fortalde at båten min hadde blitt slept ut på fjorden fordi det ikkje var kaiplass i hamna. Ute på fjorden hadde båten kome under ein tysk båt som hadde slite seg og kome i drift – og båten gjekk ned. Slik vart det slutt på planane om å bli fiskar. Alfred Sperrevik drog aldri nordover igjen, og i 1946 overtok han farsgarden i Søvik, der han framleis bur – 60 år etter at krigen tok slutt.

Minnemarkeringar etter krigen

NRK-programmet «Vi går om bord» med Erik Bye
Familen på Buena og naboar visste at Alfred hadde vore i Oslo og delteke i Erik Bye sitt program «Vi går om bord». Sendedagen sat derfor Lysefjordingane klistra til radioapparata og venta på at Alfred Buena skulle snakka i radioen. Det gjorde han, men no var han blitt ein fin bymann i målet. Det var stas at han var på radio, men litt pinleg med dialekten.

Sulingen Hans H. Steinsund, lærar, forfattar og lokalhistorikar laga ein artikkel om radio-programmet «Vi går om bord» frå 1961, der Erik Bye var programleiar.

Det skifte mellom tårer og lått i salen då Lorentz Ødejord frå Hjønnevåg mottok denne ærefulle utmerkinga av sjølvaste Erik Bye i eit ”Vi går om bord”-program 1961. Og blant gjestene i NRK-salen sat jamvel 7 av rømlingane som var med M/S ”Telma” på overfarten til Shetland i 1941. Den gongen gav Lorentz dei løyve til å ”stele” skøyta så dei kunne redde seg unna Gestapo. No ville dei gje han fortent takk og heider attende.
Fiskaren Lorents Ødejord, f. 1899 og Jenny f. N. Hjønnevåg 1905 gifte seg i 1924 og budde på ”Sve”, Øyjorda. Det var etter krigen at dei sette dei opp og flytta inn i den store, tohøgda tomannsbustaden me kjenner i dag..
”Vi går om bord”- programma til Erik Bye vart sende på laurdagskveldar og var umåteleg godt mottekne av folk på alle kantar av landet, også avisene kunne vere fulle av lovord.
Frå Tønsbergs Avis saksar me: ”Erik Bye og hans medarbeidere har på ny sendt et mektig radioprogram om sjøens og slitets Norge. ”Vi går om bord”, som ble sendt på lørdag, kan muligens stilles på toppen av de som hittil er sendt.”
Det var litt av eit apparat i sving når desse sjømannsprogramma skulle lagast til, bl a. var Statens Velferdskontor for Handelsflåten ein viktig samarbeidspartnar, men mange andre hadde ein finger og eit hovud med. Nett denne kvelden var 35 elevar frå Tønsberg maskinistskole ”medarbeidarar” i salen. Men hovudaktør og kraftsenter bak var alltid eldsjela Erik Bye. I motsetnad til våre dagars programskaparar drog Erik Bye fram menneske som sjølve ikkje var merksame på, eller opptekne av, sin eigen stordom.
Statuett og sølvskrin
” På ny hadde Erik Bye fornøyelsen av å overrekke Ulabrand-statuetten til en fin representant for fiskeribefolkningen, nemlig til den 62 år gamle Lorentz Ødejord fra Hjønnevåg i Solund, i ytre Sognefjord”, skriv avisa.
Særs rørande var det då Lorentz kom inn på då karane kom og spurde om dei kunne få skøyta, i røynda sjølve levebrødet hans, så dei kunne komme seg over til Shetland. Erik Bye spør Lorentz om han har sett desse karane før. – Nei, svara Lorents, – eg såg berre ein av dei, det var mørkt den kvelden.
Erik Bye heldt fram: – Ja, De lurer vel på hvordan vi har fått i stand dette, men jeg kan bare fortelle Dem at det er disse karene som har sendt oss den innstilling vi bygger på når vi gir Dem Ulabrand-statuetten. Denne heder til Dem er samtidig en heder til alle kystens folk som ikke sa nei når de ble bedt om å hjelpe.
Under same tilstellinga kunne Lorentz ta imot ei fint sølvskrin som takk frå dei som den gongen rømde over med ”Telma”, eit sølvskrin der registreringsnummeret på skøyta, utreisedatoen og etternamna deira var inngravert på loket.
Under programmet fortalde dei litt om overfarten, snakk om å skjemte om sine sår: To karar som stod på dekket og pumpa for livet, heiste seg opp i eit tau når dei grovaste sjøane kom. Då dei høyrde braket av endå eit brot, heiste den eine seg opp medan den andre hukte seg ned og heldt om pumpestaken. Skøyta la seg så sterkt over at karen drog pumpestaken med seg og for over bord. Dei greidde likevel å få han innpå att på, då hadde han pumpestaken i handa! ”Han sa takk og begynte å pumpe igjen!”

35
BT 16. og 18. mai 1967

Shetland 1967

Sommaren 1967, blei det arrangert tur til Shetland for alle som var med i Shetlandsgjengen. Turen gjekk med passasjerskipet «Leda». Under krigen hadde Alfred sett sauehundane på Shetland i aksjon. Han fekk kjøpt ein kvalp av den lokale rasen av Shetland Sheepdog. Kvalpen vart smugla om bord i passasjerskipet i ei veske, og gøymd under overfarten til Norge. Vi som tok i mot Alfred, såg han kom gåande frå skipet med ein koffert og ei veske, og opp av veska stakk det ut ein liten snute. Kvalpen vart kalla opp etter passasjerskipet «Leda», og soleis fekk vi ein ny hund på Buena, til glede for dei fleste. Alfred hadde store planar for Leda, og trudde at avl av gjetarhundar skulle bli god butikk. Ikkje alle planar endar slik ein hadde tenkt, men det er ei anna historie.
1982 – Alfred møter kongen ved Ulven leir
I samband med kransenedlegging ved bautane over mannskapa på MTB 345, møtte Alfred igjen nokre veteranar og kongen sjølv.

37

1994 -50-årsjubileet for frigjeringa av Finnmark
Os og Fusaposten skreiv den 29. oktober 1994 at Alfred var ein av 12 veteranar frå marinen som fekk regjeringsinvitasjon til å vera med og feira 50-årsjubileet for frigjeringa av Sør-Varanger. Sist helg var han saman med 63 norske og 50 russiske veteranar med på feiringa i garnisonen i Sør-Varanger.

 

38

40
Os og Fusaposten 29. oktober 1995. Under middagen blei Alfred plassert ved bordet til kongen.

2005 – Russisk medalje
5. mai vart Alfred dekorert av ambassaderåd Jevgenij Gontsjarov med ein minnemedalje for 60-årsjubileet for slutten på «Den store fedrelandskrigen», som russarane kallar 2. verdskrig.

41
Os og Fusaposten, 7. mai 2005

Medaljar

Robert Sperrevik (soneson) har laga ein oversikt og forklaring til dei ulike medaljane som Alfred fekk etter krigen.
Krigsmedaljen
Er en norsk utmerkelse fra den andre verdenskrig. Medaljen ble innstiftet ved Kongelig resolusjon 23. mai 1941. Den kunne deles ut til norske og utenlandske militære og sivile som på en fortjenstfull måte har deltatt aktivt i kamp for Norge under andre verdenskrig.
Krigsmedaljen kunne utdeles post mortem til alle nordmenn og utlendinger som kjempet i de norske styrker og handelsflåten, og falt for Norges sak. Medaljen ble gjenopptatt i 2010 og statuttene ble endret 16. mars 2012. Krigsmedaljen rangerer som nummer fire av de militære utmerkelsene for innsats under andre verdenskrig og som nummer ti i rekken av norske sivile og militære utmerkelser.

Deltagermedaljen
Medaljen tildeles militært personell, både norsk og alliert, som deltok i kamp og/eller ble såret under den andre verdenskrig. Personell som tildeles Deltagermedaljen må ha vist god nasjonal holdning i okkupasjonstiden. Medaljen omtales i biografisk sammenheng ofte som «krigsdeltakermedaljen». Deltagermedaljen er tenkt som en medalje for alle som deltok i kamp for Norge og er dermed den vanligste medalje tildelt for innsats under andre verdenskrig.

Haakon VIIs 70-årsmedalje
Er en norsk krigs- og minnemedalje. Medaljen ble innstiftet av kong Haakon VII 27. oktober 1942. Den ble delt ut til militært personell som gjorde tjeneste i de norske væpnede styrkene i Storbritannia på kongens fødselsdag, 3. august 1942.

1939–1945 Star
Er en britisk militær kampanjemedalje tildelt for tjeneste utenlands under andre verdenskrig. Den er også omtalt som «Victory medal».[1]

Atlantic Star
Er en britisk militær kampanjemedalje tildelt for tjeneste i flåten eller handelsmarinen i Atlanterhavet under andre verdenskrig.

Arctic Campaign Medal
The Arctic Service Medal, proposed by the Russian Convoy Club in conjunction with the North Russia Club the Commemorative Arctic Campaign Medal, is a tribute to the three armed services and the Merchant Navy whose vessels were the object of the enemy’s attention and formed the life line to Russia.
War Medal 1939-1945 er en britisk utmerkelse fra andre verdenskrig.
Utmerkelsen som var i form av en medalje, ble gitt til de som hadde tjenestegjort for den allierte styrker i minst 28 dager mellom 3. september 1939 og 2. september 1945. For de som var i handelsflåten måtte de 28 dagene ha vært til sjøs.
Defence Medal 1939-1945
Kvalifisering for militært personell var 3 års tjeneste i Storbritannia mellom september 1939 og mai 1945.

mealjer 1medaljer 2medaljer 3

Etterord

Alfred hadde ei stor forteljarglede, og hadde evna å dramatisera historiene som blei fortalde, oftast ved kjøkenbordet. Det blei fortald mange fleire historier enn det som kjem fram her, og ikkje alle er fortald til meg heller. Det vart gjort filmopptak av han, der han fortalde fritt om livet sitt. Desse opptaka er diverre komne bort. Krigsåra prega Alfred i etterkrigstida, men han hadde mykje energi og mange prosjekt som held han i gang. Krigen var han opptatt av all sin dag. Han blei nesten 90-år.

Kjelder

Historier og notat som Alfred sjølv har fortald og skrive ned
Dokument frå krigstida som vernepliktsbok og sjøfartsbok
Intervju med avisa «Midthordland»
Intervju med avisa «Os og Fusaposten»
Intervju med avisa «Månedsrevyen»
Avisa «Bømlanytt»
Avisa «Finnmark dagblad»
Arnfinn Haga, «Raidet mot Stordø kisgruver», «Landgang ved midnatt»
Jon Rustung Hegland, «Norske motortorpedobåters operasjoner fra Shetland 1941 – 1945»
Julian Holmås, «Historien om Skottlandsbrigaden 1940-1945»
Hans H. Steinsund, artikkel om «Vi går om bord»
Heimesida til Marinens museum
Ulike internettsider

 

 

 

Tags:

Leave a Reply

Discover more from Buaslekto

Subscribe now to keep reading and get access to the full archive.

Continue reading