Av Nils Torbjørn Sperrevik
Lars Larsen. Far til Rasmus og oldefar til Alfred
Det dukkar stadig opp nye opplysningar frå Digitalarkivet om Sperrevikfolket. Nokre av dei er av det pikante slaget. Ved søk på «Sperrevig», dukkar det opp ei som er det døypt som Larine Oline, den 8. januar 1838. Far er Lars Larssen Sperrevig og mor Barbra Vilsdt, Lepsøen.
I kyrkjeboka heiter jenta Larsine Oline, og førd inn som «uegte». Far er «Ungkarl» Lars Larsen Spirrevig og mor «pige» Barbro Vilsdatter Lepsøen. Det er fem fadrar og alle er frå «Lepsøen». Larsine blei nok tatt hand om av slekta på Lepsøy.



I følge Os-soga er det ei Barbru f. 1816, på Lepsøy bnr. 1. Der står det at Barbru er barn av Nils Pederson Lepsøy og Brita Ellingsdatter Sundøy. Barbru gifte seg i 1840 med Jakob Mikkelson Hamre frå Fana. Barbru reiste til Amerika i 1862 saman med broren og huslyden hans.
Kvifor Lars ikkje gifte seg med Barbru, står det ikkje noko om i arkiva, men han måtte nok betale for oppveksten til Larsine Oline. Han fekk etter kvart mange barn å syte for.
I folketellinga for 1865 finn vi Larsine Oline att som arbeidar på ullvarefabrikk i Arna.
Ho gifte seg med med Niels Olai Nielsen Krokeide i 1866 og busette seg i Møllendal, Bergen. Larsine Oline døde (barsel) i 1876. Ved folketellinga i 1875 hadde dei desse barna hos seg: Vinsent Bertin f. 1867, Barbra Karine f. 1864, Elen Kristine f.1869, Larsine Oline f. 1872.

Kari Larsdatter.
Kari var tanta til Rasmus og Lars Larsen si søster. Ho fekk seg arbeid på Stedje gard i Sogndal etter at Henrik Formann kjøpte garden i 1833.
Ved eit søk på «Spirevig» i Digitalarkivet dukka det opp ei registrering frå kyrkjeboka for Sogndal prestegjel frå 1843. Kari Larsdatter Spirevig har den 17. september 1843 døypt eit gutebarn som får namnet Lars Andersen Foss. Far til barnet er den gifte Anders Andersen Nedrehagen. Barnet er oppført som «uegte». Fadrar er Ole Iversen Holleqve, Jens Eriksen Fjøren, Martha Eriksdatter Holleqve og to til. I kommentarfeltet er Ole Holleqve omtalt, og truleg er det hos han Lars veks opp. Kari og Anders må nok betale for denne tenesta.



Ved folketellinga i 1865 står ein Anders Andersen oppført som husmann i Nedrehagen i Sogndal. Han var fødd i 1805 i Os, det var og kona og dei fire barna deira. Yngste barnet var 18 år, og familien må ha kome til Sogndal etter 1847. Ein annan Anders Andersen Nedrehagen f. 1794 på Stedje, var brudgom i 1822. Kven av desse som var far til barnet er uvisst, men eg held ein knapp på Anders frå Os. Kari blei verande i Sogn, og var ved folketellinga i 1865, budeie i Balestrand. Kolbein, bror til Kari stifta familie i Leikanger i Sogn og fekk heile barneflokken sin her. Seinare flytta dei til Brandsøy ved Florø.
Lars Andersen, sonen til Kari, finn vi som brudgom i 1873 i Bergen, då han gifte seg med Ingeborg Knutsdatter frå Jølster. Dei får fleire barn og er i 1875 busett på Askøy. Ingeborg døyr i 1880.
Leave a Reply