Sperreviknamnet – stavemåtar
Av: Nils Torbjørn Sperrevik

Kjært barn har mange namn, heiter det. Dei som budde på garden, sa dei budde i Spørvikjo. Kva prestar og andre embetsfolk oppfatta og skreiv, har vore litt av kvart fram gjennom tidene. Ved søk etter slektningar i t.d. Digitalarkivet, må ein derfor ha eit ope sinn ved etternamnet og kor dei bur. Til no har eg funne sytten ulike måtar å skrive namnet på. Sperrevik, slik ein skriv namnet i dag, blei først brukt i 1898.
Sjurrevig Klokkarbok for Os prestegjeld, Os sokn 1880-1896
Spinevig Ministerialbok for Os prestegjeld, Os sokn 1885-1902
Spinevik Ministerialbok for Os prestegjeld, Os sokn 1885-1902
Sperrevik Brukt etter 1898
Sperrvik Ministerialbok for Fana prestegjeld, Fana sokn 1915-1923
Spirrevik Klokkarbok for Os prestegjeld, Os sokn 1897-1913
Spirrevig Ministerialbok for Os prestegjeld 1839-1851
Spirevig Brukt frå 1705 til 1884 i m.a. kyrkjebøker
Spirevik Brukt frå 1869 til 1920 i m.a. kyrkjebøker og folketeljingar
Spireviken Brukt frå 1875 til 1920 i folketeljingar
Spirevigen Brukt frå 1678 i kyrkjebøker og i 1875 i folketeljing
Spørvik Brukt på gravsteinen til Larsina Larsdotter, Bjarkøy
Sperevik Brukt frå 1865 til 1940 i kyrkjebøker og folketeljingar
Sperevig Brukt frå 1761 til 1892 i kyrkjebøker
Sperrevig Brukt frå 1807 til 1885 i kyrkjebøker
Spirrsvig Ministerialbok for Leikanger prestegjeld 1838-1851. Colbein Larsen, brudgom
Sperkevig Ministerialbok for Fana prestegjeld, Fana sokn 1878-1889
Leave a Reply