Av Nils T. Sperrevik
Historia om gravferda til Ole Bull. Lokale bønder bar kista ombord i båten som skulle ta han på den siste reisa hans til Bergen. Blant desse bøndene dukka det opp kjende namn!
Ole Bull og fleire av bøndene kring Lysefjorden knytte tette band dei siste 7-8 åra av levetida hans. Dei deltok i bygginga av villaen, utviklinga av parken og bygginga av småvegane og stiane på øya. Lokale spelemenn møtte han ved fleire høve.
Ole Bull hadde besøkt Lysekloster fleire ganger mens Henrik Formann var godseigar på Lysekloster. Hans gode ven, Nicolay Nicolaysen, overtok Lyseklostergodset i 1872. Same året besøkte Ole Bull venen sin på Lysekloster. Mange år seinare, i 1924, blei dottera til Nicolay, Wibecke, intervjua av Bergens Aftenblad. Ho var til stades i stova på Lysekloster, då Ole Bull i 1872 besøkte heimen deira, og var vitne til korleis Ole Bull blei eigar av Lysøya.
Ole Bull stod og såg ut av eit vindauga i storstova og såg ut over dalen og fjorden og sa:
Hvor her er vakkert. Kunde jeg bare få kjøpe meg et sted her. Kunne du ikke skaffe meg det Nicolay, så bodde vi i nærheten av hverandre?
Det kan lett la seg ordne, sa gårdsforvaleter, Monsen, som stod bak ham. Han som kjøpte Lysøen derute, han gav 300 daler for den, men gir De ham 400, så blir øen Deres.
Ole Bull stakk hånden i trøielommen, trekker fram en 50-dalarseddel og sier: «Her er 50 daler i håndpenger, jeg kjøper den».
Oog det var ikke lenge bakefter, førend Ole Bull kom med arbeidsfolk og påbegyndte grund- og veiarbeider.
Alt året etter, i august 1873, var bygget så ferdig at Bjørnstjerne Bjørnson vart invitert på besøk. Med så kort byggetid, må det i ha vore mykje bygdafolk som deltok i arbeidet i tillegg til alle handverkarane frå Bergen og andre bygder.
Kristisands Stiftsavis 24. august 1880 skriv at då Ole Bull døde, ville kona hans Sara, at han skulle gravleggast på Lysøya, men at Bergens Bystyrelse overtalte henne om at han skulle gravleggast i Bergen. Hadde det gått slik kona ville, hadde Ole Bull vore Lysefjording for all framtid.
Ole Bull ville at bøndene i bygda, som han hadde fått eit så godt forhold til, skulle bæra kista. Fjorten bønder fekk opppgåva med å bæra kista om bord i dampsipet Kong Sverre. Dei var og med til Bergen, og gjekk rett bak likvogna i prosesjonen fram mot grava ved Statsporten.
Avisene «Fjordenes Tidende» og «Fjordabladet» i Nordfjord, omtalte denne gravferda i september 1927. Her står namna på bøndene som var med. Desse var: Haldor Lysøen, Wincentz Sørestrømmen, Knut Bakervik, John Søvik, Peder Salbuvik, Peder P. Salbuvik, Haldor Midthus, Ole Nordvik, Mons Nordvik, Ole Drange, Engel Sagstad, Lars Leirvåg, Mons Nilsen Søvik og Nils Bjoarvik.
Dei fleste av desse bøndene har etterkomarar som lever i dag. Og ikkje visste eg at tippoldefar min, Wincentz Sørestrømmen, var med å bæra kista til sjølvaste Ole Bull.
Leave a Reply