,

Gardsbruket Buena -Helena og Lauritz si reise frå leiglendingar til sjølveigarar 

av Nils T. Sperrevik Paktar og leiglendingAlt sida klostertida har det vore sjøbuer på Buena, og det var vel dei som var opphavet til namnet. I skriftlege kjelder brukte ein derimot «Boderne» til langt ut på 1920-talet.På 1600-talet fekk godseigaren på Lysekloster, busett ein eigen skyssmann på staden. I 1752 var det blitt eit småbruk,…

av Nils T. Sperrevik

Paktar og leiglending
Alt sida klostertida har det vore sjøbuer på Buena, og det var vel dei som var opphavet til namnet. I skriftlege kjelder brukte ein derimot «Boderne» til langt ut på 1920-talet.
På 1600-talet fekk godseigaren på Lysekloster, busett ein eigen skyssmann på staden. I 1752 var det blitt eit småbruk, med røystove, løe, eldhus og sauehus. Denne røykstova vart brukt som tingstove.
I 1865 starta ein med landhandel på Buena. Seinare vart det og postopneri og dampskipsekspedisjon.
Styreprotokollen for Lysefjorden handelsforening for åra 1908 til 1922, låg ein dag på bordet mitt no i sommar. Den hadde før vore del av det private arkivet til Harald Drange. Hendingane som førte fram til at Helena og Lauritz busette seg på Buena, kan ein finna i denne protokollen.
Landhandelen som seinare blei til Lysefjorden handelsforening, starta først opp i 1906 i huset til Nils Søvik, som ein filial av handelsforeninga på Osøyro. Då handelsforeninga på Osøyro gjekk konkurs, blei Lysefjordens handelsforening stifta i 1908 i dei same lokala i Søvik.


På eit styremøte den 23. oktober 1911, hadde dei ei oppe ei sak der dei ynskte å flytta handelsforeninga til «Boderne», då handelsmannen der måtte gje opp handelen. Det vart gjort vedtak om å forhandla med frk. Nicolaysen på Lysekloster om ein leigeavtale av handelsstaden og garden. Dette fekk dei til, og alt den 28 oktober vart det halde ekstraordinær generalforsamling, Der gjorde dei vedtak om å forpakta Buena. På styremøte den 29. november gjorde dei vedtak om å lyse ut stillinga som handelsstyrar, då dei ikkje fekk til ein avtale med Nils Søvik om å flytte med til Buena. Styrarstillinga vart lyst ut med eller utan gardsbruk.


Ny styrar vart tilsett den 3. februar 1912, med fri «benyttelse» av gardsbruket. Han tok ikkje mot stillinga, og i møte den 30. mars tilsette dei Olav Hovden som styrar. Han må ha svart at han ikkje ville ha garden, for på møtet den 11. mai 1912, godkjende dei ein paktaravtale av gardsbruket med Lauritz Larsen Sperrevik. Om Lauritz ville bli bonde, er vel heller tvilsamt, men at Helena ville ha gard veit vi godt. I april 1914, fekk dei eigen bygselavtale med frk. Nicolaysen, då handelsstaden vart skild ut og fekk eige bruksnummer. Familien budde dei første åra i våningshuset ved handelsstaden, men då handelsstaden og gardsbruket blei delt, måtte dei bygga sjølv. Nytt hus stod ferdig alt i 1915.

Sjølveigande
Godseigaren på Lysekloster, Henrik Formann, døydde i 1871 utan barn etter seg, noko som skulle vise seg å bli ei lukke for mange leiglendingar. Han hadde testamentert heile godset til dei seks barna til søstera Johanne Catrine. Ingen av desse arvingane ville eller kunne overta heile godset, så det blei bestemt at heile godset, bortsett frå hovudgarden og dei næraste bruka, skulle seljast. I dei fleste tilfella overtok leiglendingane etter takst. Lysekloster hovudgard og dei næraste bruka, overtok systerdottera Anna Dorothea og mannen hennar Nicolay Nicolaysen. Dei skjøtte eigedomen vidare til dottera Wibecke i 1874.
Wibecke Nicolaysen eller frk. Nicolaysen, for ho blei aldri gift, forvalta hovudgarden og dei næraste leiglendingsbruka, fram til ho selde eigedomen til Georg von Erpecom i 1917. Tilhøva for leiglendingane på bruka Buena, Sørstraumen (to bruk), Nordstraumen (to bruk), Sjøbøen, Kalvatre og Rindedalen endra seg lite under den nye eigaren, inntil året 1929.
I 1928 vedtok Stortinget med statsminister Johan L. Mowinkel frå venstre ei ny lov som ga husmenn og leiglendingar rett til å oreigne eller ekspropriera jorda dei brukte. Lova var eit stort inngrep i den private eigedomsretten, og ein representant for mindretalet på Stortinget uttalte at dette var «sosialisme og kommunisme av verste sort». Lova viste seg derimot å få stor betydning for dei leiglendingane som var att. Alt i 1929 fremja Isak Sørstraumen krav om oreigning av bruket sitt. Os kommune støtta kravet, gjennomførte oreigninga, og i september 1933 fekk han skøyte frå kommunen. Taksten var på 4600 kroner. Fleire gjorde som Isak, og fremja oreigningssak på bruka. På Sjøbøen fekk dei medhald av kommunestyret til oreigning i 1933, men saka med takst og skjøn vart ikkje endeleg avslutta før i 1939. Men det viste seg seinare at kommunen hugsa at dei hadde oreigna bruka til fordel for leiglendingen. Då dei i 1953 søkte om å få dela frå ei tomt, gjekk same kommunen imot dette, og grunngav det med at det var til jordbruksføremål garden vart oreigna og fråskild Lysekloster. I ei anna tilsvarande sak vart det hevda at kommune ikkje gjennomførte oreigninga for at ein skulle drive spekulasjon på tomtesal etterpå. I alt fem av dei tidlegare leiglendingsbruka var oreigna etter lova av 1928, den siste i 1953.
Det var truleg fleire grunnar til at Helena og Lauritz ikkje brukte denne lova. Ein måtte mellom anna tilfredsstilla krav til brukstid på garden før ein kunne oreigne.

Frametter 1930-talet var det vanskelege tider, og dei hadde bygd seg hus og kjøpt Eikemyra. Lauritz hadde vore i reiarlaget til Georg von Erpecom både før, under og etter krigen. I tillegg var Lauritz kokk på seglbåten hans om somrane frametter på 1950-talet. Lauritz og Helena fekk derfor til ein minneleg avtale om kjøp av garden Buena i 1955 for 10 000 kroner. No vart Helena og Lauritz sjølveigarar, men det var Alfred og Gudrun som dreiv bruket. Det hadde dei gjort sidan 1946. Alfred starta no eit omfattande nydyrkingsarbeid, men fekk ikkje skøyte på eigedomen før i 1967. Dei betalte 22 000 kroner pluss kår til foreldra. Alfred og Gudrun skjøtte vidare til Leif Harald og Mette i 1975. No var taksten auka til 30 500 kroner.
Korleis hadde det vore her i bygda og korleis hadde Osbyga sett ut, dersom Henrik Formann hadde hatt barn som førde leiglendingsvesenet vidare, og om mindretalet sitt syn på Jordlova frå 1928 hadde vorte gjeldande for framtida? Dette kan ein undrast over.

Leave a Reply

Discover more from Buaslekto

Subscribe now to keep reading and get access to the full archive.

Continue reading