Flakk – Jensen – Campbell Andersen – Thompson
av Nils Torbjørn Sperrevik
Tidleg på 1960-talet huskar eg at vi hadde besøk av ekteparet Thompson frå USA. Mor mi, Gudrun Johanne, hadde kontakt med denne familien så lenge ho levde. Seinare, etter at eg sjølv ble interessert i slektshistorie, dukka familien Thompson opp, utan at eg visste kor dei høyrde heime i slektstreet. Det viste seg at dette er ei fantastisk utvandrarhistorie frå Lillesandområdet, men og ei familiehistorie, då både mor mi og mormor mi Johannne Bolette (Lettie) f. Flack, hadde sine første leveår i USA.
Utvandrarhistoria startar med Johan Tellefsen Moen. Han var son til Tellef Andersen Moen (f.1828) og Signe Osmundsdatter f. Flakk. Johan kom i smedlære, og reiste i 1850 til USA. Der forsette han i smedyrket, før han i 1857 reiste heim og gifte seg med Marthe Andrea, dotter av Christen Andersen Vallesværd (1797-1842) og Ane Marie Abrahamsd. f. Grisøen. Christen var Stortingsrepresentant for Nedenes og Robygdelagets amt frå 1833 til 1835.
Johan og kona reiste tilbake til USA i 1857. Han kalte seg no John Thompson, og dei slo seg ned i Beloit, Wisconsin og fekk etter kvart mange barn. John var ein driftig kar, og starta ein plogfabrikk som etter ei stund blei ein av dei største i sitt slag i USA. Sonen Oscar, skreiv i 1942 ei bok kalla «Home town», der han skildrar familiehistoria og framveksten til byen Beloit, men der han og fortalde om reiser til Norge og kjende nordmenn på besøk i Beloit.

Ei anna dotter av Christen Andersen Vallesværd, Johanne Sofie, gifte seg med Daniel Juerson Flakk. Dei fekk barna Karen (1850-57), Christen (1852), Anne Marie (1855), Jacob (1857), Olaf (1859) og Karen (1863). Christen og Jacob blei sjømenn, og etter kvart styrmenn og skipparar på seglskuter som reiste på fjerne hav. Christen blei gift med Augusta Jensen. Sønene i familien endra etternamnet til Flack.
Christen var ein dag i Bergen og møtte der repslager Jan Andersen. Far til Jan Andersen, var født på Grisøen og var halvbror til Christen si mormor Ane Marie. Dette slektskapet og venskapet resulterte i at sonen til Jan, Christian Campell Andersen, møtte og gifte seg med Helene Jensen, søstra til Augusta. I tillegg møtte dattera Johanne Margrethe (Hanna) Andersen sin Olaf Flakk gjennom dette møtet. Desse to er mine oldeforeldre.
Jacob Flakk blei hardt skadd i eit skipsforlis og måtte amputere eine foten og måtte gå i land for godt. Han fekk seg kontorjobb på plogfabrikken til onkelen John Thomson i Beloit, Wisconsin i USA. John og Marthe Andrea var fadderar på Jacob. Jacob fekk eit kort liv, då han ein haustdag i 1886 drukna på elva Rock River ved byen Beloit. Jacob og Albert, ein av sønene til John, var ute i ein liten seglbåt som gjekk rundt. Begge mennene omkom i ulukka.

Olaf Flakk som var kontormann, fekk no tilbod om å koma over og overta plassen etter Jacob. Alt i april 1887 reiste Olaf. Han var då forlova med Johanne Margrete (Campbell) Andersen. Johanne Margrethe reiste etter i august 1988, og dei gifte seg i september same året. Bryllupet fekk enorm publisitet, då aviser i både USA og Norge skreiv at dei blei gifte i ein ballong ved Beloit. Det gjekk så langt at familien i Norge seinare fekk desse avisene til å sette inn ein «Berigtigelse» der det gjekk fram at paret vart vigde måndag 10. september i den norske lutherske kyrkja i Beloit av den norske presten Thorvildsen. Mormor mi Johanne Bolette (Lettie) blei fødd i Beloit i 1890. Familien reiste heim til Norge tidleg på 1890-talet. Johanne Bolette, som no var amerikansk statsborgar, reiste i vaksen alder tilbake til USA, og gifte seg der med morfar min Wilhelm Larsen frå Lysekloster. Mor mi Gudrun Johanne f. 1927 og onkelen min Olaf f. 1929 var begge fødde i USA. Dei reiste tilbake til Norge kring 1930.
Kjelder:
Bilder lånt av Osmund Fiskaa
Oscar T. Thompson: «Home town».
https://digital.library.wisc.edu/1711.dl/3TPRXOJMIE3D38A
Johanne Margrethe (Hanne) Flack: “Beretninger fra Haugen». https://buaslekto.com/2015/12/26/johanne-margrethe-sin-beretning/
Utvandrarhistoria om Johan Tellefsen Moen alias John Thompson er og omtalt av Arne Mjåland i Birkenes historielag sine årsskrifter frå 1991 og 2006. Desse årsskriftene er diverre ikkje opne og tilgjengelege på Nasjonalbiblioteket.






Leave a Reply