av Nils Torbjørn Sperrevik
Mor og far, eller Gudrun og Alfred, snakka av og til om at dei var femmenningar. Deira felles forfedre var Nils Kristenson (1738-1821) og Brita Asbjørnsdotter (1754-1817) frå Nedre Vik i Øystese. Slik heng dette i hop:
| femmenning | Gudrun Johanne Wilhelmsdt. Larsen | Alfred Lauritsson Buena Sperrevik |
| firmenning | Wilhelm Larson Sørstraumen | Laurits Rasmusson Sperrevik |
| tremenning | Lars Winsjansson Sørstraumen | Rasmus Synnevason Sperrevik |
| søskenbarn | Winsjans Ragnhildson Buena | Synneva Britadt. Buskengen |
| søsken | Ragnhild Nilsd. Buskengen | Brita Nilsdt. Buskengen |
| Nils Kristenson og Brita Asbjørnsdt. Buskengen | ||
Det som har forundra meg, er at Nils og kona var del av eit større slektsfølgje som reiste frå det dei hadde og nærast vart jaga frå Øystese.
Nils Kristenson var født på bruket Hansagarden i Nedre Vik i 1738 av foreldra Kristen Olavson Nedre Vik (1701-1777) og Sigrid Sjovatsdt. Kjosås (1700-1786). Faren hadde bygsla bruket av eigaren, presten Geelmuyden, i 1723. Kristen hadde odelsretten på ein gard på Norheim, men måtte på grunn av pengemangel la denne odelsretten gå frå seg. Ved ein stor flaum ein haustdag i 1743 braut Øysteseelva inn på innmarka til bruka i Nedre Vik. Året etter vart det halde «Avtaksforetning», slik at skylda og skatten for desse bruka kunne reduserast.

Kva som vidare skjedde mellom eigaren, presten Geelmuyden og Kristen sin familien, har vi ikkje noko dokumentasjon på, men det må ha skore seg mellom dei. I følgje bygdeboka var Kristen ofte lagrettemann og var og med i den første fattigkommisjonen i bygda. Barna var etter tur tenestefolk i prestegarden, og var mykje for seg.
Etter at presten Kristoffer Geelmuyden døydde i 1759, overtok enka Maria Susanna Frimann styringa av eigedomane mannen hadde samla seg. Eldste sonen til Kristen, Olav eller Ola, ville overta bygsla etter faren, men presteenka nekta han dette og sende han bort frå bruket. Kristen si dotter Anna og mannen hennar overtok bruket i 1761. Anna døydde alt året etter, truleg i barsel, og no vart Kristen huslaus.
Kor Kristen og familien var buande frametter 1760 åra veit vi ikkje, men i 1768 dukka Kristen og kona og heile Olav sin familie opp som husmenn på Buskengen på Lysekloster hovudgard. Kvifor dei kom til Lysekloster har eg undra meg på, men det var og andre frå Kvam i teneste på Lysekloster. Det var og slektskap mellom presten Geelmuyden og godseigaren på Lysekloster, så kanskje nokon hadde ordna dette. Sjovat var ein annan son av Kristen og kom med familien sin i 1760-åra som gardstyrar på eit bruk på indre Moberg. Han vart seinare busett i Eidsvik, Drange.
I 1779 kom og vår Nils med sin familie og blei husmann på Vassberget. Husmannsplassen Vassberget låg på nedsida av kapellet på Lysekloster.
Kristen døydde i 1783, og sonen Olav (Ola) fekk bygsel på Buskengen i 1777. Han var ein evnerik mann, og var ein periode lensmann for Lysekloster, var lagrettemann, takstmann og er og registrert som spelemann. Etter ein episode der sonen hans var involvert, kom han i konflikt med både godseigaren og gardsstyraren på Lysekloster. Han måtte derfor forlate bruket i 1782, og busette seg deretter med familien på Birkeland i Austevoll, ein gard som og var ein del av Lyseklostergodset.
Nils som var busett på Vassberget, fekk no og overta Buskengen etter broren. Han fekk bygsel på Buskengen i 1790. Nils var gift to gonger. Først gong i 1771 med Brita Nilsdtr. Stuve. Med henne fekk han barna: Sigrid f. 1772, Nils f. 1773, Kristen f. 1777, Ingjerd f. 1784, Nils f. 1887. Han gifte seg deretter med Brita Asbjørnsdtr. Nedre Vik i 1790. Med henne fek dei Brita i 1791 og Ragnhild i 1794. I tillegg var det to barn som døydde unge. I følgje Os-soga meinte Nils Tveit at dei klarde seg godt, men eine sonen Nils som var kalla ut i militæret fekk utbetalt smørpengar, noko som tyder på at han ikkje var vand med smør på flatbrødet heimanfrå. I følje Austevoll-soga, kan det sjå ut som Nils og kona på sine eldre dagar var busett på Nordeide i Austevoll hos sonen Kristen.
Statsarkivet i Bergen har arkivert bygselprotokollane for Lyseklostergodset. Eg har skrive av denne protokollen. Det kan vera vanskeleg å forstå mange av orda som blei brukte. Det kan og vanskeleg å forstå innhaldet i delar av dokumentet. Ein del ukjende ord har eg funne forklaring på i danske ordbøker, som m.a. ein «dannemand» er ein aktverdig og påliteleg person. Sjølv om det kan vera vanskeleg å lese og forstå dokumentet, er det endå vanskegare å skrive av dokumentet. Ord som er merka med blå skrift, er ord som ikkje er i bruk i dag. Forklaring på desse orda følgjer etter dokumentet. Nokre ord og forkortingar er eg usikker på. Nils Tveit som skreiv Os-soga, skreiv at Nils måtte svara 6 dagsverk i året som leige, men eg er temmelig sikker på at dette skal vera 6 riksdalar. Nils var ikkje skrivefør, og han skreiv under med «påhalden penn».
Her følgjer dokumentet:

H4 Gmus – 1790 – Fire og tyve Skilling – Wilhelmine Forman
P:ier til Lyse Klosters Hoved Gaard Samt
Underliggende Jorde Godse.-
Giør Vitterlig: at ieg med min Curator Hr. Abraham Henrichsen Formans Samtykke haver Bygslet og fæstet til den Velagte Dannemand Niels Christensen Pladsed Buschengen af Lyse Klosters Hoved Gaarde inden Gierdes Mark paa følgende Conditioner, nemlig: Det Ifald Eieren skulle finde for Godt at ville have bemeldte pladss under hoved Gaarden, skal han, eller om Han ved Døden skulle være af-gaaen hans da efterlevende Hustrue være forpligtet at viige er- meldte pladse Buschengen dog at erholde ligesaa God pladse eller Gaard til bygsel føren De afvetterer ermeldte plads imod igien at blive ham tilbage betalt hans nu udgiven poste paa Buschengen, Samme Plads er beliggende i Ous Skibrende og Sundhordlehns Fogderie Samt under Lyseklosters Jurisdiction sorterende: Som da ermeldte Niels Christensen disse Conditioner frivillig har indgaaet, og mig Bygselen efter Loven har betalt:
1. At han aarlig efter Førennarig skal Svare og betale i Afgift 6 Rd, Som ved hvert 2 aars Udgang til Jordeieren skal erlægges Pladsed med Troelig Fliid og Nidkierhed saavidt munligt, rydder dyrker og forbedrer pladsens tilhørende Huuse og Gierder paa beste Maade Bygger og vedligeholder saa de alle Tiider udi Lovforsvarlig og vederløftig Tilstand ved besigtelse kan forefindes:
2. At med første givne Lejlighed skal blive nøye bestemte hvorvidt hans Grendser skal strekke Sig, dog bruger Han imidler Tiid det Samme Som Han førhen haver brugt.
3. Maae han ey i ringeste Maade benytte Sig af Gaardens Tilliggende Skove uden hvad han til Brændefang har fornøden.
4. Haver Han nøye at iagttage Sig at han ikke i nogen Maade præjudicerer Hoved Gaarden eller anmasser Sig meere en Som oven ermeldt.
5. Saa og ikke fordrister Sig uden Eyerens Villie og Samtykke til Værelse at antage Inderster Paa Pladsens Grund, da Saadan Rættighed og Omstændigheder bliver allenne Eyeren Forbeholden. Desligeste hverken ved Sig selv, eller andre forøver nogen Slags Skiøtterie efter den Dem forekomende og Sig her i Lyse klosters Hovedgaards Marker opholdende Gode og ingenlunde rovende eller skadelige Vildt at Skyde og Jage Langt mindre Hæler eller fortie med andre, Som uden JordEjerens dertil erholdte tilladelse saadant ellers ulovligt Foretagende enten paa Pladsed eller andre Stæder der omkring Sig maatte lade finde og blive attraperet hvorfor han dernend bør have fordeles flittig og nøyagtig og sigt.- Cedelig haver han sin foresatte Øvrighed og Jordejer den tilborlige Pligt Hørighed og Lydighed beviiser og derhos ved alle forefaldende Lejlighed udviser den Velvillighed og Tienstagtighed hvortil han sig ved Pladsens tilbygsling har forpligtet sig og som han haavet ved Loven og De Høykongelige Anordninger ere paalagde. Til hvilken Ende og paa det alt inbeskrevne destoe nøyere maatte etterkomes han mig en heraf Ligelydende Geinpart, med Sin der paa tegnede Rerecs meddeler. Til Stadfæstelse under min Haand og Signet. Actum Lyse Klosters Hoved Gaard.
Den 29de November 1790.- Curator
Wilhelmine Forman Abraham H. Forman
Rerecs (reces)
Ligelydende Original Bygsel Brev er mig i Dag af min Jord Ejer Velædle Jomfrue Wilhelmine Forman overleveret paa Pladsed Buschengen hvis inhold herved reverserer mig udi alle dens Ord Puncter og Clausuler uryggelig at holde og efterleve under den mig Tilbygslede Pladses Forbrydelse. Hvilke bekræftes med mit underskrevne Navn og hoskrykte Signet Datum ut supra-
Med påholden pen
Niels Christensen Buschengen
Anvist ved den originale Bygselseddels Tinglysning tilligemed
Landskylds bog paa Ous Tinglaegs Sommerting den 17 Juny 1791.
Test. M.I. Barth
Constit. Sorenskriver
Ordforklaringar
Giør Vitterlig = Gjere kjend
Dannemand = Dannemann eller dannemand er ein gammal betegnelse som beskriv ein aktverdig og pålitleg (danna) person.
P:ier = eigar av ein større landeigedom
6 Rd= Riksdaler (sjå og Os-soga, 2.Band om Buskengen. N.Tveit meiner det er dagsverk)
Inderster = ein person som leigde eit rom eller eit hus hos andre og hadde eigen hushaldning
Attraperet= fange, pågripe
Conditioner = vilkår (gml. dansk)
Anmasse= tileigne seg, gjere krav på
Forøve = utføra ei ulovleg eller forkasteleg handling
Skiøtterie = jakt, skytteri
Rerecs (reces) =overenskomst, traktat, afsluttet mellem forhandlende parter (dansk ordbog)
Reverserer = forplikte seg skriftleg
Uryggelig = urokkeleg
Actum= latinsk, og betyr bahandla elle utført
Datum ut supra= latin, og betyr dato som ovanfor
Kjelder:
- Os-soga
- Ættarbok for Kvam
- Bygseprotokoll for Lyseklostergodset – Statsarkivet/Digitalarkivet
- Nasjonalbiblioteket
Internettsider:
Bygselkontrakt digitalarkivet: https://www.digitalarkivet.no/db60032677000189
Storflaumen i Øysteseelva- Nasjonalbiblioteket – Hardanger historielag, Tidsskrift 1931: https://www.nb.no/items/2f2067bf441af9aaefeb78bdd5b64ea4?page=43&searchText=”store-flaumen“
Leave a Reply