,

Lars Larsen Spirevig (1812 – 1889)  

Det er fem år sidan eg skreiv litt om Lars og familien hans i «Sperrevikfolket gjennom 200 år». Utanom det ein kunne lese i Os-soga til Nils Tveit, var det lite eg fekk høyre om denne mannen og livet hans. Ofte er det slik at personar i slekta som har gjort noko dei meinte var…

Det er fem år sidan eg skreiv litt om Lars og familien hans i «Sperrevikfolket gjennom 200 år». Utanom det ein kunne lese i Os-soga til Nils Tveit, var det lite eg fekk høyre om denne mannen og livet hans. Ofte er det slik at personar i slekta som har gjort noko dei meinte var skammeleg, nesten vert anonyme for ettertida. Men det kan og vera at både oldefar Rasmus og bestefar Lauritz som begge  var sjømenn og mykje borte, var mindre opptatte av å fortelja om si side av slekta. Det var kanskje derfor at det på far min si side vart slekta på Lekven det blei snakka mest om. 

Før bror min Leif Harald døydde, reiste han, fetter Lars og eg på ein liten ekspedisjon der vi følgde mannslinja generasjon for generasjon så langt bakover ein kan følgje spora etter dei. Vi enda opp på garden Frette i Etne med forfedrar som ein truleg kan tidfesta til 1500 talet.

Nils Erikson Frette, født ca. 1622, er den første nokså sikre stamfaren vår på denne slektslina. Eine sonen hans heitte Lars og er opphavet til mest alle som heiter Lars i Sperrevikslekta. Han slo seg ned på Arnavik på Halsnøy. Sonen hans Tollak som blei «godt» gift, kjøpte garden Langeland på Stord i 1731. Sonen Lars Tollakson overtok Langeland etter faren. Han var gift tre gonger. I det tredje ekteskapet med kona Kristi Jonsdatter fekk dei i 1780 sonen Lars Larson Langeland. Vi finn han som dreng på garden Nordstraumen i 1801 og seinare som dreng på Lyseklostergarden. Han gifte seg i 1806 med Guro Torkjellsdattar frå Salbuvik ved Lysefjorden. Etter giftarmålet budde dei på klostergarden til dei blei leiglendingar på Sperrevikgarden i 1807. Lars er i kyrkjeboka oppført som Lars Larsen Klosteret. Det er derfor truleg at han budde i tenarbustaden i sjølve klosterruinane.  

Medan dei budde på klostergarden fekk dei i 1806 eit tvillingpar, Kristina og Torkjell. Ingen av desse borna vaks opp. Etter dei kom til Sperrevika, fekk dei sonen Daniel i 1807. Han vart døypt i Fanakyrkja, men er oppført i kyrkjeboka for Os. Han døydde berre 13 veker gammal. Mellom 1807 og 1813 finn eg ikkje at Lars og Guro hadde nokon til dåpen. Tippoldefar Lars var født i 1813, men er ikkje førd inn i kyrkjeboka for Os. Det kan vera at han og var døypt i Fanakyrkja, og at fanapresten ikkje sende melding til presten i Os, eller at han var heimedøypt, og at det ikkje vart send melding til presten. Mest truleg er grunnen at presten i Os skreiv lite og ingenting i kyrkjebøkene på denne tida. Ein ny Torkjell vart døypt i april 1814. Kari vart født i 1815. Ho er ikkje ført inn i kyrkjeboka for Os. Kolbein var født i 1818, men vaks ikkje opp. Dei fekk ein ny Kolbein  i 1819 og ei ny Kristina i 1822.  

I Os-soga står det at Lars og Guro fekk 10 born, men berre fem fekk veksa opp. I skifte etter Lars i 1841 er berre sønene Lars og Kolbein samt døtrene Kari og Kristine lista opp. Sonen Torkjell som i Os-soga er oppført som sjømann, må derfor ha gått bort før 1841.  

Lars og Guro fekk ein god økonomisk start på ekteskapet då Lars alt i 1802 arva nær 100 rdl. etter far sin. Sjølv om Nils Tveit i Os-soga skriv at Lars klarte seg betre enn føremennene, viser skifte etter han i 1841 at det har vore vanskeleg for han og familien. I skifteprotokollen skriv lensmann Synnestvedt «fallit» i innleiinga. Buet vart oppgjort med 82 Spdl. i minus. Han skyldte pengar både til handelsmannen i Bergen og til fleire grannar ved Lysefjorden. 

Eldste sonen, som eg vel å kalla Lars Spirevig, overtok som leiglending då far hans døydde. Denne Lars, som mest truleg er født i 1813, er min tippoldefar. Bygselavtalen med godseigaren Formann vart tinglyst 17. mai 1744, og skulle gjelde på livstid. Avtalen gav og mora kår.  

Lars blei vaksinert for koppar i 1814. Vi veit ikkje kor mykje skulegang han fekk fordi det ikkje finns skuleprotokollar for Os før i 1831. Han var nok ikkje trygg på skrivinga då han skreiv under «med påhalden penn» i skifteprotokollen etter faren i 1841. Han blei konfirmert i 1827. I kristendomskunnskap og flid fekk han karakteren «slett».  

Lars hadde derimot «draget på damene», eller som det seinare viste seg, gav lovnad om ekteskap for å koma i seng med dei. Våren 1837 gjorde han ei jente i Lepsøya gravid. Om han hadde lova denne Barbro ekteskap veit eg ikkje, men han gifte seg ikkje med henne. Barnet, ei jente, døypt 8. januar 1838, fekk namnet Larsine Oline. Om han hadde noko kontakt med denne jenta seinare er uvisst, men han måtte nok betale bidrag. 

Våren 1838 gjorde han Kari Olsdatter Nordstrønen gravid. Barnet blei døypt den 13. januar 1839 med fadrar berre frå Nordstrøno. For å unngå at barnet blei ført inn i kyrkjeboka som «uekte», blei  det lyst for Lars og Kari same dagen. Sonen fekk namnet Lars. I vaksen alder busette denne sonen seg i Åsane og brukte namnet Lars Larsen Hetlevik.  

Lars og Kari gifte seg 24. april 1839, etter at det var lyst for dei i kyrkja tre gonger.  Dei busette seg på Sperrevikgarden. I Sperrevika budde no Lars og Kari med vesle Lars, gamle Lars Larsen Langeland med kona Guro og deira yngste dotter Kristina, som no var blitt 14 år. Ein liten periode var det tre med namnet Lars på garden. Gamle Lars døyr 30. des. 1840, og unge Lars overtok drifta. Den 6. april 1841 døypte dei sonen Ole, no med naboar ved Lysefjorden som fadrar. Alt året etter den 22. mai 1842, døydde Kari (34 år), med to små barn etter seg. Om dei sende Ole frå seg før Kari døydde veit vi ikkje, men Ole vaks opp hos Kari si slekt i Nordstrøno og gjekk på skule der.  

Kari og Kolbein , søskena til Lars Spirevig, var blant fleire som var i teneste på Lysekloster, og som dette året reiste til Sogndal for å arbeide på godseigar Formann sin nykjøpte fruktgard Stedje. Begge blei buande i Sogn og Fjordane. Kari fekk året etter sonen Lars med den gifte mannen Anders Anderson som hadde vore dreng på Lyseklostergarden. Kolbein gifte seg med Marta Johannesdatter frå Kaupanger. Dei busette seg til slutt i Brandsøya ved Florø.  

Etter at kona Kari Olsdatter døydde og skifte etter henne var avslutta i desember 1842, såg Lars seg om etter ei ny kone. Malene Paulsdatter Lysvold som var tenestejente på Lyseklostergarden, lovde han våren 1843 ekteskap. Kor mykje samkvem  dei hadde frametter våren er litt uklårt, men han hadde gjort henne gravid samtidig som han innleidde eit forhold med Kristi Larsdatter. Malene Paulsdatter sa i ei rettssak (sjå eigen avskrift av rettssaka) 1844 at ho aborterte då ho såg Lars Larsen i lag med Kristi Larsdatter. Det aborterte fosteret blei lagt i ei lita kiste og i løynd plassert i gravkammeret eller likhuset til  kapellet i lag med kistene til tidlegare godseigararar på Lyseklosteret. 

Kristi Larsdatter Sundøy var blitt 34 år og hadde vore enke etter Nils Olson Tøsdal i fire år. Då ho møtte Lars,  hadde ho borna Ola som var åtte, Magdela seks og Christi fem år. Kva forhandlingar Lars og Kristi hadde om barna til Kristi veit vi ikkje, men ut frå skuleprotokollane hadde ho berre med seg yngstejenta Christi til Sperrevik då dei gifte seg ein julidag i 1844. I desember same året fødde Kristi ei jente som fekk namnet Kari etter første kona til Lars.  

Synnøva Larsdatter Buskengen og Rasmus Nordstraumen døyper dottera Martha våren 1846, der Kristi, kona til Lars er fadder. Ikkje visste dei då at Synneva og Lars skulle bli ektefolk nokre år seinare. I juni same året får Kristi eit dødfødt barn, noko som blei meldt inn av jordmora Barbro Thomasen. Om hausten dette året starta unge Lars (7 år) og stesøstra Christi Nilsdatter (7år) på skulen. 

I november 1847 døyr Kristina, søstera til Lars Spirevig. Ho blei 25 år. 

Året etter, i 1848 døyr mor til Lars og tipp-tippoldemor mi, Guro Torkjellsdatter i ein alder av 70 år. På slutten av dette året får Synneva Larsdatter Buskengen og Rasmus Nordstraumen ei jente som får namnet Brita, oppattkalt etter mormora Brita Nilsdotter Buskengen. 

Året 1849 hadde nett starta då Kristi, andre kona til Lars, døyr  i barselseng saman med barnet. Kristi blei 41 år gammal. Dette må ha vore eit tungt slag for Lars, men han skulle bli sett på mange prøver. Lars hadde no sonen Lars (10), stedottera Christi (10) og dottera Kari (5) heime. Christi må dei ha funne ei ordning for same året. Ho er ikkje å finna i skuleprotokollen for Lysekloster krins i 1849. Tragedien stoppar ikkje der. Dette året døyr og dottera Kari. Ho blei berre 4 år. 

Vinteren 1849 slår ein koleraepidemi inn over Vestlandet som tar livet av fleire i Os. Rasmus Nordstraumen, mannen til Synneva Larsdotter, er den einaste i Lyseklosterkrinsen som blir smitta og døyr av kolera. Han døydde 10. februar og vart gravlagt to dagar etter ved Steinkulo på Lyseklostergarden, som var oppretta som kolerakyrkjegard. Ved ein seremoni den 16. juni same året kasta presten jord på grava. 

Gardane Nordstraumen og Sperrevik er nabogardar og folka kjende kvarandre godt. Då kona på eine garden og mannen på andre garden gjekk bort med berre veker i mellom, låg det vel til rette for at dei to som var att slo seg saman. Etter at stedottera Christi reiste og dottera Kari døydde i juni, var Lars åleine med vesle Lars på 10 år. Synneva sat att med dei to jentene Martha på tre og Brita på to år. Det vart halde skifte etter Kristi 21. september og Lars og Synneva gifte seg 29. oktober 1849. Dei får ein son 5. januar 1859, som dei døyper Kristian. Han er oppattkalla etter Kristi, andre kona til Lars. Kristian døyr 3. mars 1851, så han blei knapt eit år. Lars og Synneva må ha hatt det travelt med å koma i lag etter at ektefellane deira var gått bort. Dersom Synneva gjekk svangerskapet ut, må ho ha blitt gravid tidleg i april året før og vel ein månad etter at Rasmus døydde. 

Dei må ha bestemt seg for å prøva å få ein ny Kristian, for alt i desember same året får dei ein ny Kristian. No kjem borna jamt og trutt. Ei ny Kari blei født i desember 1853. Ho brukte og Karen om seg sjølv. Lars Olai vart født i mars 1856. Han brukte ofte berre Olai, då både storebroren  og faren budde heim. Han hadde namn etter far til Synneva Larsdotter som sjølvsagt og måtte kallast opp att. 

I heimen blei det mellom anna produsert tresko, kiper og årer både for eige bruk og for sal. Bygselkontrakten opna ikkje for uttak av tømmer i eigen skog utan at dette var avtalt med godsforvaltaren og betalt for. Mindre uttak av tre som ikkje forringa verdien av skogen hadde vore praktisert av dei fleste leiglendingane og tolerert av godseigaren fram gjennom tidene, alt etter kor omfattande kontrollen var. Godseigar Formann hadde sine eigne skogforvaltarar som både organiserte det kommersielle uttaket av tømmer og skulle føre tilsyn med skogsareala for å slå ned på tjuvhogst. Godseigaren på Lysekloster slo av og til ned på slik tjuvhogst, og på garden Tømmernes ved Søfteland måtte leiglendingen gå frå garden på grunn av dette.  

Ein septemberdag i 1857 banka det på døra heime i tunet i Sperrevik. Utanfor stod den nye myndige lensmannen Nieuwejaar og Hans D. Kuven. Lars, kona Synneva og sonen Lars var innstemna for skogtjuveri på gardane Sperrevik og Sagstad. Dei skulle møta til forhøyr den 16. september 1857. Etter tips hadde den førre lensmannen H. Synnestvedt og Even Danielsen Sjøbøen den 3. og 4. juli vore på synfaring og påvist at det hadde vore gjort ulovleg skoghogst i utmarka til desse gardane, og mistanken var retta mot Lars. Dei innrømte at dei hadde felt nokre furutre som hadde blitt tilverka til tresko og årer, og at noko av dette hadde dei selt. Mest hadde dei brukt hogsten til ved då det ikkje var nok kvist og brake i deira utmark til det dei trong til dagleg. Lars forklarte at han hadde ikkje tatt større trær enn han kunne bera på skuldra og at salet av det han hadde laga, var for å hjelpe seg og sine borte frå svolten. 

Påtalemakta hadde innhenta attestar frå presten for både Lars, kona Synneva og sonen Lars. Synneva hadde presten ingen ting å utsette på. Sonen Lars gav han dei beste skussmål, og viste til at han ved konfirmasjonen både var flittig og hadde god kristendomskunnskap. Presten plasserte unge Lars sjuande fremst ved konfirmasjonen i  Os kyrkje i 1853.  

Lars Spirevig derimot, framstår som nokså ynkeleg og med eit alkoholproblem i attesten frå presten. Presten Greve kom til Osbygda i 1850, og har nok møtt Lars ved både dåp og gravferd. Det kan sjå ut som Lars oppsøkte presten og utanom desse seremoniane då presten skreiv at han var kommen i personlig berørelse med ham, og holdt ham for en veltænkende og retsindig mand. Det kan godt tenkast at Lars har kjent på «guds vrede og straffedom» etter å ha mist barna og konene og deretter oppsøkt presten for å få sjelesorg.  

Lagretten dømde Lars til fengsel i 12 dagar, til å betale 5 spesidalar i erstatning til godseigaren, samt saksomkostningar. Synneva og sonen Lars blei frifunnen. Dommen vart lesen opp for Lars i heimen den 30. november 1857, og han anka på staden. 

Lars anka si sak inn for Bergen stiftsoverett. Amtmannen Nils Vogt svara med å anka Synneva Larsdatter si sak. Dommen i overretten den 5. mars 1858 frifinn Lars og Synneva. Retten meiner at dei ikkje kan dømmast for tjuveri etter kriminallova, men at saka må vurderast som eit privatrettsleg forhold mellom godseigaren og leiglendingen.  

Dommen i overretten må ha gleda Lars og Synneva, men gleda var kortvarig. Alt den 29. mars kjem lensmannen med melding om at saka er anka til høgsterett. 

I høgsterett fekk Lars utnemnd ein forsvarar, men høgsterett dømde Lars den 26. mai 1858 til fengsel på «Vann og brød» i 10 dagar. Han måtte og betale saksomkostningar på 13 spesidalar og 5 spesidalar i erstatning til godseigar Formann. Saka var så spesiell at ho blei referert til i samband med ei lovendring på 1860-talet. 

Tilbake i Lysefjorden blei dommen lest opp for Lars og Synneva den 24. juni 1858. Den 13, juli i 1858 vart Lars sett fri frå fengselet og for heim. Korleis dei klarte å betale tilbake saksomkostningane og erstatninga til godseigaren veit vi ikkje, men enten måtte dei på bygda og låna pengar, eller så måtte dei selje det dei hadde. Den årlege leiga til godseigaren skulle og betalast. Det er litt rart at eit slikt brot på bygselkontrakten ikkje førte til at kontrakten blei sagt opp av godseigaren. Det var ikkje uvanleg at ein leiglending måtte gå frå garden dersom han gjorde slike ting. 

Midt opp i desse rettssakene fekk dei ein son i februar 1858 som dei kalla Nils. Han har truleg fått namnet etter oldefaren Nils Buskengen. Blant fadrane finn vi Vinsjans Vinsjansen Boderne, som er tippoldefaren min på mor mi si side. Nils blei eventyraren i familien og søkte lukka som sjømann og gullgravar. Han døydde i Sør-Afrika etter å ha vore med i Boarkrigen.  

Oldefar Rasmus kom til verda 7. mars 1860 og fekk namn etter førre mannen til Synneva. Han vart den einaste av barna som i vaksen alder blei busett i bygda. Fadrar til Rasmus var mellom anna Synneva sine slektningar frå Rød i Fana. Synneva og familien hadde flytta frå Buskengen til Fana då ho var kring 9 år. 

Eldste sonen Lars vart i 1861 kalla inn til militærteneste etter loddtrekning. Sidan gjekk han i tømrarlære i Bergen før han gifte seg med Anne Olsdatter frå Haukås i Åsane. Dei fekk to barn i Bergen før dei flytta til Åsane til foreldra hennar. 

Martha, eldste dottera til Synneva, blei konfirmert dette året og fekk seg teneste på ein gard i Søvik før ho flytta til Bergen. 

I 1862 blir Leirvågen, ein part av Sperrevikgarden, tatt i bruk som ein husmannsplass. Om dette er ein reaksjon frå godseigaren på Lars sitt brot på bygselkontrakten veit vi ikkje. Heller ikkje om Leirvågen var oppdyrka før husmannen overtok slik at dette gjekk ut over drifta på Sperrevikgarden. Det var likevel andre ting som gjorde det vanskeleg for dei. 

Dottera Synneva Kristine blei fødd i januar 1863, men blei ikkje døypt før i mai same året. Ei av fadrane var Anna Larsdotter som var kona til den nye husmannen i Leirvågen. 

Ved folketeljinga i 1865 bur seks av borna heime. Det er Kristian (15), Lars Olai (10), Nils (8), Rasmus (5), Kari (12), Brita Rasmusdotter (19) og Synneva Kristine (3). Eldste sonen Lars er tømrarlærling i Bergen, Ole er matros og busett i Nordstrøno og Martha er tenestejente i Søvik. På garden hadde dei 6 storfe, 16 sauer og 2 geiter. Dette året sådde dei 2 tønner havre og sette 3 tønner poteter. Dei hadde ikkje hest så alt måtte berast. Det dei hadde, var mykje likt det dei andre leiglendingane klarte seg med. På Lyseklostergarden derimot hadde dei sju hestar i tillegg til to hestar på husmannsplassane Buskengen og Utgjerdet. På Lyseklostergarden hadde dei utanom alle dei vanlege husdyra, og to reinsdyr. Godseigar Formann hadde etter han kjøpte Stedje gard i Sogndal, finansiert og etablert ein tamreinflokk på Filefjell. Dette var grunnen til at han fekk sin gode ven J.C.Dahl til å male seg sjølv på ein slede blant reinsdyra på Filefjellet. 

«Forman kjører over Filefjeld». J.C. Dahl 1851 

Det siste barnet kom 25. februar 1866. Lars var blitt 54 og Synneva 45 år. Jentebarnet fekk namnet Larsine etter begge bestefedrane. Larsine fekk ein tøff start på livet, men det skulle vise seg at på tross av dette, var det kanskje ho som klarte seg best seinare i livet. 

Om det hadde vore trongt og vanskeleg i Sperrevik, blei det endå verre frametter. Mellom anna skreiv læraren at Lars Olai og Nils ikkje møtte på skulen av mangel på skuleklede. Skulekleda måtte truleg gå på omgang mellom sønene. Same året blei sonen Kristian konfirmert med karakteren «rett god». 

Året etter skulle tragedien slå ned igjen. Ole, den nest eldste sonen, drukna saman med ein nabo søndag 28. oktober på veg heim til Nordstrøno frå oskyrkja. Han var 25 år og ugift. Naboen, Lars Johnsen vart 30 år og etterlet seg kone og to små barn. 

I 1868 vart det bygd eige skulehus for Lyseklosterkrinsen. Tidlegare vart det halde skule i ei veke på kvart bruk. Borna i Sperrevik klarte seg likevel toleg bra på skulen trass i fattigslege kår. Fattigsleg var det og på mange andre gardar. Var foreldra friske og arbeidsføre, gjekk det stort sett greitt sjølv om gardsbruka var små. Frametter 1800-talet var det mange menn som fekk store alkoholproblem og som igjen  gjekk ut over resten av familien. Korleis det gjekk med Lars og forholdet til  alkoholen, veit vi ikkje, men at han etter kvart miste synet og blei mindre arbeidsfør, har nok svekka evna hans til å ta seg av familien. 

Dottera Kari blei konfirmert i 1869 og reiste ut i teneste. Broren Nils flytta til Fana året etter, men flytta heim att året etter og blei konfirmert i Os.  

Martha, eldste dottera til Synneva, får i 1870 eit “uekte” barn, Rasmus Johan, med Lars Johnsen Røykenes. Ved folketeljinga i 1875 er han oppfostringsbarn på Hjelle hos Hans Mortensen. Tanta hans, Kari, er taus på same staden.  Ved folketeljinga i 1885 bur han i lag med mora og stefaren Ole Madsen Eide. Rasmus Johan døyr som snikkarlærling i 1886. 

Lars Olai blir konfirmert i Os i 1871 og reiste truleg ut i teneste. 

Dette året døydde Henrik Formann, godseigar på Lysekloster, utan barn etter seg. Barna til søstera arva han, og heile godset kom for sal, bortsett frå dei næraste bruka til hovudgarden, som forblei leiglendingsbruk til ut på 1930-talet. I Os eigde Formann nær ¾-delar av alle gardane, og i Lysefjordområdet eigde han alt. Det blei derfor store omveltingar på eigedomstilhøva i bygda og nabobygdene  ut etter 1870-talet. Leiglendingane fekk kjøpa bruka sine etter takst.  

Kva som blei sagt mellom Lars og Synneva, veit vi ikkje. Vi veit heller ikkje om det blei tatt noko initiativ retta mot dødsbuet etter Formann om kjøp av eigedomen. Truleg såg dei mørkt på det. Lars var blitt 59 år og nesten blind. Mest truleg måtte heile kjøpesummen lånast. Vi veit heller ikkje om rettssaka og brotet på bygselkontrakten var til hinder for eit kjøp.  

Sonen Nils blir konfirmert i 1872 og flytta til Årstad. Dette året kjøper Ole Bull Lysøya og dette skapar liv og røre i Lysefjorden frametter 1870-talet. I oktober får Brita, nest eldste dottera til Synnøve, eit «uekte» barn, Ananias, med den gifte bonden Engel Olsen Hovland, der ho truleg var taus. Ved dåpen til Ananias står det at ho og barnet bur på Nordstraumen. Korleis alt dette heng i hop veit eg ikkje, men Rasmus blir tatt ut av skulen i Lysefjorden og overført til Askvik og Hovland krins same tida som Brita føder. Det kan tenkast at Rasmus som no er blitt 12 år, går inn i arbeidet til Brita. Rasmus var tilbake på skulen i Lysefjorden året etter.  

Brita gifter seg med Jens Monsen Gjerstad i 1874. Fyrste tida bur dei ved Solheimsviken i Bergen. Seinare flyttar dei til Smådalen i Fana.  

Dei som hadde styringa av buet etter Formann, må ha sagt opp bygselavtalen med Lars då han ikkje ville eller kunne kjøpa Sperrevikgarden, eller fordi han ikkje kunne betale leiga. Det kom derfor inn ein ny familie på garden. I fyrste omgang som leiglending, truleg med lovnad om kjøp. Lars og Synneva fekk kår, men kva skulle dei gjera av barna som var att. Rasmus var blitt 14 år, og han fekk dei av garde til Solheimsviken ved Bergen. Synnøve Christine var blitt 11-12 år, og ho fekk dei i teneste på Hovlandsneset. Larsine som berre var 8 år, blei plassert i Åsen og skulle passe barn. Eg veit ikkje om Lars og Synneva ordna dette sjølve, men eg finn ikkje noko om denne omplasseringa i møtereferata til fattigkommisjonen. Det var vel at dersom dei barna som vart sett vekk kunne gjere nytte for seg, så blei det ikkje kravd pengar for dei, og då trengde heller ikkje fattigkommisjonen å involvera seg. 

Ved folketeljinga i 1875, var det berre Lars, Synneva og Rasmus som var heime. Lars var førd opp som blind. Rasmus står oppført at han «hjelper foreldra og er daglønnar» i jordbruket. Mens Rasmus var i Bergen, hadde han følgt konfirmasjonsundervisninga i Årstad sokn og blei konfirmert der i juni. Rasmus var truleg til stor nytte, både for foreldra og familien Iversen som var dei nye leiglendingane. Fredrik Iversen var dansk, og dreiv som skomakar. Han hadde kone og seks barn. Før dei kom til Sperrevik, hadde dei vore busett på Lærøy i Sund. 

Dette året hjelpte fattigkommisjonen Lars. Dei gjorde slikt vedtak: «Der besluttes til Lars Larsen Spirevigs mulige helbredelse for graa stær, bevilges til dokter Bøckmann 20 Spd. Til hans ophold i Bergen under legebehandlingen bevilges det fornødne».  

Dr. Eduard Bøckmann var den første øyelegen i Bergen. Han opna praksis i november 1874. Bøckmann må ha stilt diagnosen til Lars, og truleg blei han operert for grå stær. Alt i 1850-åra hadde ein utvikla ein operasjonsmetode for å fjerna linsa i auget. Pasienten måtte etter operasjonen ligge i ro i tre veker mens såret grodde. Dersom operasjonen gjekk bra, og han fekk sterke stærbriller, ville han kunne fungera brukbart etterpå. I ei rettssak i 1881 får vi vita at han såg så mykje at han kunne lage kiper, så litt syn fekk han etter behandlinga til dr. Bøckmann. 

Fredrik Kristian Iversen kjøpe Sperrevikgarden i 1877 for 1680 kr. Lars og Synnøve blei sikra kår, slik at dei hadde mat og husrom til seg sjølve. Nils Tveit skreiv i Os-soga at den nye eigaren var skomakar og hadde lite greie på gardsdrifta.  

Den eldste dottera til Synneva, Martha gifta seg i 1879 med Ole Madsen Eide frå Bygstad. I 1885 budde dei i Absalon Beyersgt 15 i Bergen i lag med Martha sin son, Rasmus Johan, og halvsøstera Kari(Karen), som var fabrikkarbeidar. Der budde og Ida Marie frå Sverige, som i 1886 blei gift med Lars Olai. 

Dottera Larsine, 14,5 år,  har i 1880 ei overhøyring eller eksamen på Lysekloster skule, der ho blir testa i lesing og skriving. Ho klarar seg sånn passe. Ho står oppført under garden Sperrevik. Det kan tyde på at ho bur heime hos foreldra.  

I 1881 skøyter Fredrik Iversen garden over på sonen Ole Johan.  

Lars sine søner Lars Olai og Rasmus har sett seg opp eit hus på garden som dei eige sjølv. Kor dette huset har stått, veit vi ikkje. Og korleis dei har fått tak i tømmer til huset veit vi heller ikkje, men dette året blir gamle Lars dømd for tjuveri av eit tre i Lyseklostermarka. For dette må han sone 8 dagar på «vand og brød». I rettssaka kjem det fram at fleire av barna budde i nærleiken av foreldra. 

Sonen Kristian gifte seg i 1885 med Agathe Kristine Nilsdatter Hjelle. Kristian døydde alt i 1905 berre 54 år gammal. Lars Olai gifte seg i 1886 med Ida Marie Andersson frå Sverige. Alt året etter blei Lars Olai arrestert og fengsla for tjuveri av ei skøyte i Farsund. Dette var ei skikkeleg røvarhistorie, og eit avisreferat frå hendinga er tatt inn i på heimsida «Buaslekto». Vi veit ikkje kor mykje Lars og Synneva fekk med seg om det som skjedde med resten av familien, men denne saka var omtalt i avisene i Bergen, så noko fekk nok høyre. 

Dottera Synneva Kristina som var utdanna diakonisse døydde 30. desember 1886 i Trondheim. 

Dottera Kari gifte seg i 1887 med Endre Jakob Endresen Tangerås frå Strandebarm.  

Ole Johan Iversen som hadde overteke garden etter faren, sleit med å halde kreditorane frå døra. I 1887 delte han opp garden slik at «Vikjo» blei skild ut og selt til Jakob Nilsen Jonsholmen og «Stølen» blei selt til Anders Andersen Havsgård frå Fusa.  

Dette viste seg å ikkje vera nok, så familien Iversen måtte reise alt året etter i 1888 og garden kom på tvangsauksjon. Det vart halde tvangsauksjon på Os den 11. mai. Nils Engelsen Sørstrønen og Malena Nilsdotter Nordstrønen fekk tilslaget og flytte til Sperrevik. Dei nye eigarane var slektningar av Synneva. Synneva og mor til Malena som og heitte Synneva var syskenbarn.  

Året etter i januar 1889 døyr Lars av «alderdom» 77 år gammal. Som for så mange andre på den tida, blei det eit liv med kamp om å overleva både materielt og mentalt. Liv og død gjekk hand i hand, og evna å reisa seg etter tragediar og sjukdom var ikkje like lett for alle. Det enklaste var vel å døyva sjela med alkohol og gje opp. Lars ser ut for å ha innfunne seg med korleis livet blei. Han blei 77 år gammal, og det var det ikkje alle som blei på den tida.  

Same året som Lars døydde gifta sonen Rasmus seg med Elisa. Rasmus var blitt sjømann og Elisa var diakonisse. Dei busette seg i Bergen. Den 25. februar året etter fekk Elisa ein gut. Han får namnet Laurits Ingolf etter farfaren Lars og morfaren Iver. Lauritz blei døypt i Mariakyrkja i Bergen den 30. mars 1890. Blant fadrane finn vi Anne Eriksen, mor til Elisa, Ole Madsen ektemannen til Martha. 

Ved folketeljinga i 1891 er Synneva blitt enke og bur på kår i Sperrevik. Ingen av borna til Lars og Synneva er busett i nærleiken. Lars f. 1839 er gift og busett i Åsane med tre barn. Martha f. 1846 er gift og busett i Bergen. Brita f. 1848 er gift og busett i Smådalen i Fana. Kristian f. 1851 er gift, sjømann og busett i Bergen. Kari f. 1853, er gift og busett i Bergen. Lars Olai f. 1856, gift og busett i Bergen. Nils f. 1858, ugift, var truleg til sjøs eller i utlandet ein stad. Rasmus, f. 1860, gift og busett i Bergen. Larsina, det yngste barnet til Lars og Synneva var i 1891 reist til Oslo. Ho var ugift og i teneste. Trass vanskeleg start på livet, kjempa ho seg fram til fullført lærarskule frå Seljord i 1897. Ho fekk seg lærarpost på Bjarkøy i Troms, der blei ho buande til ho døydde i 1950. Ho fekk etter kvart fleire tillitsverv i kommune, og er truleg den første politikaren i Sperrevikslekta. Ho besøkte ofte Rasmus og Elisa i Lysefjorden i sommarferien. Ho var var ei myndig dame som forblei ugift.  

Larsina eller Sina som ho vart kalla 

Tippoldemor Synneva Larsdotter døydde ein vårdag i april 1896, 74 år gammal. Eit innhaldsrikt liv var til ende. Dei første barneåra hadde ho på Buskengen, og ungdommen på Rød i Fana, for deretter å gifte seg til Nordstraumen og deretter Sperrevik.  

Same året ho døydde, kjøpte Rasmus «Eikemyren» eit stykke som tidlegare hadde vore del av Sperrevikgarden. Så kanskje visste Synneva at Rasmus skulle busette seg her. 

Tags:

Leave a Reply

Discover more from Buaslekto

Subscribe now to keep reading and get access to the full archive.

Continue reading