, ,

Amerikafeber på «Fiskaren»

Ved første augekast kunne ein kanskje tru at desse tre karane var boksaren Mike Tyson, tidlegare president i Nord-Kore Kim Il- Sung og filmskodespelar Clark Gable. Nei, dette er brørne Wilhelm, Johannes og Ragnvald Sørstraumen. Bilete er truleg tatt i New York på slutten av 1920-talet. To av dei reiste heim att, ein blei verande…

Ved første augekast kunne ein kanskje tru at desse tre karane var boksaren Mike Tyson, tidlegare president i Nord-Kore Kim Il- Sung og filmskodespelar Clark Gable. Nei, dette er brørne Wilhelm, Johannes og Ragnvald Sørstraumen. Bilete er truleg tatt i New York på slutten av 1920-talet. To av dei reiste heim att, ein blei verande i Amerika.

Wilhelm var født i 1895 og var sjømann og anleggsarbeidar. Det er uklart kor tid han først reiste til sjøs, men han titulerte seg som sjømann og anleggsarbeidar i 1916. I flge Os-soga var han i USA frå 1921 til 1930. I ei etterlysing i Nordisk Tidende, skal han ha gått i land i New York i februar 1925 etter å ha blitt skadd om bord i d/s Vindeggen. I New York møtte han Lettie. Dei gifte seg og fekk Gudrun i 1927 og Olaf i 1929. Wilhelm var gått i land på illegalt vis, og dei returnerte derfor til Norge i 1930. Wilhelm brukt etternamnet Larsen.

Johannes, født i 1907, var yngst av brørne. Han reiste til sjøs i 1927, men gjekk i land i New York i USA året etter. Der møtte han Gjertrud, som han seinare gifte seg med. Gjertrud var dotter av norske emigrantar, og var barnepassar for Gudrun og Olaf. Johannes og Gjertrud flytte til seinare Seatle. I Amerika tok Johannes tok fornamnet John og etternamnet Larsen.

Ragnald, født i 1904, var og sjømann. På slutten av 1920-talet mønstra han av på vestkysten i Amerika, men tok seg austetter til New York. Han reiste heim i 1931 og gifte seg med Betzy Sagstad i 1933, og var den av sønene som overtok garden etter Lars og Gurina.

Fiskaren har i følgje Os-soga vore brukt om garden Sørstraumen i fleire hundre år.

Tags:

Leave a Reply

Discover more from Buaslekto

Subscribe now to keep reading and get access to the full archive.

Continue reading