30-årsskrift for Lysefjorden ungdomslag 1919 – 1949
Mange Lysefjordingar og fleire årgangar i «buaslekto» har på eit eller anna vis delteke på aktivitetar, festar, eller anna lagsarbeid i ungdomslaget. Då laget feira 30 år i 1949, vart det gitt ut eit festskrift som heldigvis er tatt vare på. Nokre seniorar har tatt på seg å fotografera av nokre årgangar av møtebøkene og lagsavisa «Ljosglimt», som styret i laget har hatt liggjande. Det er heilt sikkert fleire bøker rundt i private arkiv i bygda. Vi håpar å få samla inn desse, slik at dei kan digitaliserast og gjerast tilgjengelege på ungdomslaget sine heimesider.
Leave a Reply